Over eit og eit halvt år er gått sidan ein demning brast under rehabilitering av Munkebotsvatnet i Sandviken.
133 personar blei evakuerte og vassmengdene gjorde skadar for millionar. Berre oppryddinga var anslått til fem millionar kroner. Svikten førte til at Bergen kommune gjennomførte både intern og ekstern gransking.
- Bakgrunn:
Fire partar sikta
Politiet starta etterforsking av saka, men konklusjonen har latt venta på seg. Fleire sakkunnige har vore oppnemnd i saka for å assistere politiet med spesialkunnskap.
Både Bergen kommune som byggherre og Multiconsult som prosjektør har hatt status som sikta i saka.
Det har også to av dei ansvarlege som var involverte i prosjektet.
Siktinga gjaldt forsettleg eller aktlaust brot på straffelovas paragraf 355 og 356, som gjeld «framkalling av fare for allmennheten».
– Ikkje straff
I vår blei innstillinga sendt over til statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane, som no har vurdert saka.
Statsadvokaten har vald å ikkje straffeforfølga dei to enkeltpersonane. Det er i tråd med innstillinga til politiet.
– Me er samd i at straffelova ikkje er tenleg i dette tilfellet og følgjer difor politiet si innstilling om å legga bort saka mot dei to enkeltpersonane, seier statsadvokat Benedikte Hordnes.
Sender saka til NVE
Vest politidistrikt innstilte på å gi Bergen kommune og Multiconsult AS 300.000 kroner i føretaksstraff for brot på vassressurslova.
Men i staden avgjer statsadvokaten å overføra saka til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
I teorien blir saka dermed straffesaksmessig lagt bort fordi saka ikkje fell inn under straffelova. I praksis overfører statsadvokaten saka til NVE.
Eitt utfall kan vera straffegebyr, eit såkalla «lovbrotsgebyr».
– Når me står med ei innstilling som ikkje lenger omfattar straffelova, har me vald å overføra saka til NVE som fagmyndigheit. Avgjerda er teken etter ei totalvurdering av saka og fordi me ser at NVE har fagkompetansen her, seier Hordnes.
Kranglar om skuld
Bergen kommune og Multiconsult har krangla om skulda sidan dambresten for halvanna år sidan.
I fjor sommar blei partane samde om å ikkje retta noko erstatningskrav mot den andre.
- Les også:
Den eksterne granskinga gav alle partane kritikk for å ha feilvurdert risikoen med den mellombelse demningen. Granskinga konkluderte òg med dårleg samarbeid.
– Det har vore mange meiningar om årsaka, og me må forventa at eit eventuelt førelegg ikkje blir vedtatt, seier Hordnes.
Statsadvokaten meiner det er best at fagmyndigheita med best kjennskap til vassressurslova og tilhøyrande spesiallovgjevnad ser nærare på eventuelle reaksjonar.
– Det er betre at dei best eigna tek saka vidare, fastslår Hordnes.
I den rettsoppnemnde rapporten fastslår den sakkunnige at både Bergen kommune og Multiconsult har handla aktlaust.
NVE har konkludert med at fleire bestemmelsar i vassressurslova som er underbygd med straff er overtredd.