Hopp til innhold

Fekk kapteinsbindet i debuten

Då nysigneringa Vadim Demidov fekk sine første minutt for Brann, var det med kapteinsbindet på.

Vadim Demidov debuterte for Brann mot Sogndal.

SJÅ VIDEO: Vadim Demidov fekk 30 minutt for sin nye klubb. Det endte med tap mot vetlebror Sogndal. Reporter: Rune Eriksen | Foto/redigering: Ketil Jordan | Bilete: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

Midtstopparen starta på benken i kampen mot Sogndal, men etter ein time var det klart for debut. Demidov signerte for Brann i januar, og kjem frå den russiske klubben Anzji.

– Det er greitt å berre få ein halvtime på stor bane no for å koma litt i gang. Det kjem nok til å bli betre utover, seier Demidov til NRK.

Etter ti minuttar fekk han også kapteinsbindet rundt overarmen.

– Det er sjølvsagt stort og ei stor ære, men det var nok berre eit vikariat. Vi har to andre som tek den jobben, smiler Demidov.

Prøvespelar avgjorde

Sogndal vart for sterke for Brann i treningskampen på La Manga. Etter 78 minutt stanga Kristian Fardal Opseth kvittrøyene i leiinga etter eit flott hjørnespark av Ørjan Hopen.

Opseth er sonen til Sogndal-legenda Lasse Opseth, og spelar for å sikra kontrakt med klubben.

Ein anna nysignering for Brann, Jakob Orlov var farleg frampå på frispark like før slutt, men det vart tap i debuten for Vadim Demidov.

Norling nøgd

Brann-trenar Rikard Norling hadde berre godord å sei om sin nye midtstoppar, sjølv om han ikkje visste seg veldig fram i sine første minutt for klubben.

– Ein ser når han kjem inn at han har brystet ute og tek plass med ein gong. Han er ein veldig god spelar, meinte Norling.

Den svenske trenaren var meir misfornøgd med konsentrasjonen til laget.

– Det er viktig at ein får utteljing på dei sjansane vi skapar. Eg trur vi spelar litt rufsete fordi vi ikkje er fokuserte nok.

– Vi er inne i ein tung treningsperiode og det syntest nok i dag. Det såg eg eigentleg for meg, seier Demidov.

– Litt rufsete?

– Ja men slik er det. De kan heller slakta meg om eg spelar dårleg i serien, smiler Demidov.