Hopp til innhold

Idrettsforbundet meiner krisepakka til idretten ikkje dekkjer behovet

Staten skal dele ut 700 millionar til kultur, idrett og frivillig innsats, men ikkje alle kan søke. Pakka treffer ikkje godt nok, seier Noregs idrettsforbund.

Skarverennet på Hardangervidda 2017

FOLKSAMT: Skarverennet på Hallingskarvet er svært populært. Men det blir ikkje store folkemengder på ski mellom Finse og Ustaoset i år.

Foto: Helge Sunde / Samfoto

Før påske vart kompensasjonsordninga for idretten og frivilligheten vedtatt, som følgje av koronakrisa. 700 millionar kroner går til kultur, idrett og frivillig innsats.

Men kompensasjonsordninga treff ikkje godt nok, meiner Noregs idrettsforbund.

– Krisepakka er svært viktig, men den dekkjer ikkje behovet, seier Karen Kvalevåg, generalsekretær i Idrettsforbundet.

I dag dekker støtteordninga berre bortfall av billettinntekter og deltakaravgift. Kvalevåg viser til at inntekter frå kiosk, parkering og sal av varer og reklameplassar alle fell utanfor ordninga.

– Slike inntekter er for mange idrettslag svært viktig for vidare drift og aktivitetstilbod for barn og unge, seier ho.

Noregs idrettsforbund varslar no at dei vil jobbe for å utvide ordninga.

Tal frå Idrettsforbundet syner at idretten tapte 500 millionar berre i mars på arrangement som ikkje vart gjennomført.

– Særdeles viktig for oss

For Skarverennet derimot er ordninga godt nytt. Det tradisjonsrike skirennet mellom Finse og Ustaoset skulle vore arrangert 17. april.

Over 12.000 melder seg på kvart år, men rennet er no avlyst grunna koronasituasjonen.

– Denne ordninga er særdeles viktig for oss, seier koordinator Håvard Veslehaug.

Han seier overskotet frå skirennet er ei viktig inntektskjelde for arrangørklubben Geilo IL.

Skarverennet på Hardangervidda 2017

FOLKSAMT: Skarverennet på Hallingskarvet er svært populært. Men det blir ikkje store folkemengder på ski mellom Finse og Ustaoset i år.

Foto: Helge Sunde / Samfoto

– Dramatisk for oss

Søknadsfristen for midla er 21. april, og gjeld i utgangspunktet arrangement som er datert mellom 5. mars og 30. april.

Atle Solheim, som er fotballsjef i Selje Idrettslag i Nordfjord, håper Idrettsforbundet lukkast i å utvide ordninga.

Den vesle bygda skulle arrangert Seljecup for 1.200 unge fotballspelarar i juni, men har allereie sett seg nøydd til å avlyse.

– Den inntekta vi skulle hatt på Seljecup er heilt avgjerande for oss, seier han.

Både for idrettslaget og bygda er turneringa viktig, men mest for klubbkassa til idrettslaget.

– Omsetninga av turneringa står for halve omsetninga i klubben. Det er dramatisk for oss utan desse inntektene.

No ber fotballsjefen om at ordninga utvidast til å gjelde heile sommaren.

– Eg trur veldig mange er i same båt som oss, seier han.

Solheim

AVGJERANDE: Leiar i fotballgruppa i Selje IL, Atle Solheim, seier dei treng inntektene som skulle komme med Seljecup.

Foto: Stig Høynes

Sender ballen vidare

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ansvarleg for å dele ut krisepakken.

– Dei som kan søkje er arrangørar innan kultur, idrett og frivillig innsats, seier direktør Gunn Merete Paulsen i Lotteri- og stiftelsestilsynet, som ikkje kan uttale seg om lengda på avtalen.

– Kva som skjer med arrangement etter 30. april er eit politisk spørsmål.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Kultur- og likestillingsdepartementet.