Hopp til innhold

Dei vil styra Hordaland i lag

Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og Senterpartiet i Hordaland signerer samarbeidsavtale. – Dette handlar om verv og ikkje politikk, meiner den sittande fylkesordføraren.

Sp, Ap og KrF vil samarbeida i Hordaland

VIL SAMARBEIDA: Bente Bondhus frå Senterpartiet, Pål Kårbø frå Kristeleg folkeparti og Anne Gine Hestetun frå Arbeidarpartiet ønskjer å få styra fylkeskommubnen ilag etter valet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vallogo

Fredag klokka 10 offentleggjer dei tre partia at dei vil styra saman etter fylkestingsvalet.

Som NRK fortalde fredag morgon vel KrF for første gong sidan etter valet i 1999 å satsa på Arbeidarpartiet som samarbeidspartner i fylkespolitikken.

Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat Anne Gine Hestetun er glad for å ha fått KrF på kroken.

Vil samarbeida etter valet

GÅR TIL VAL MED AVTALE: Dei tre partia signerer fredag ein samarbeidsavtale om fylkespolitikken.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Pressekonferanse Ap, Sp og Krf

PRESSEKONFERANSE: Dei tre partia offentleggjorde avtalen på litteraturhuset i Bergen fredag.

Foto: Sølve Rydland / NRK
– Eg er godt fornøgd med det samarbeidet som me no legg fram. Me har hatt ein god prosess både oss i mellom og i partiorganisasjonane våre, seier Hestetun til NRK.

Har fordelt verv

Dei tre partia er samde om at Hestetun er felles kandidat for fylkesordførarvervet, medan Pål Kårbø får vervet som fylkesvaraordførar. Senterpartiet får førstevalet når det gjeld leiarposisjonane i underutvala.

– Me ønskjer ei fornying i fylkeskommunen og med ønskjer å samarbeida med dei partia som vil det regionale nivået vel. Elles vert ei styrka satsing på Bybanen og kampen mot fråfallet i vidaregåande skule det viktigaste, seier listetoppen til KrF.

– Heile Hordaland i bruk

Også Senterpartiet er glade for at dei tre partia har funne saman.

– Me har fått gjennomslag på ein intensivert kamp mot fråfallet i den vidaregåande skulen og at ein i større grad skal ta heile Hordaland i bruk, seier førstekandidat Bente Bondhus frå Senterpartiet.

I den 21 punkt lange avtalen tar dei tre partia for seg retninga innan vidaregåande opplæring, klima og miljø, kollektiv og semferdsle, næring og arbeidsliv og kultur, idrett og frivillig arbeid.

Mellom dei sentrale satsingsområda er:

  • Partia vil jobba for å erstatta fylkeskommunen med nye og størree regionar.
  • Forbetra anbodssystemet i kollektivtrafikken.
  • Satsa på E16, Vossebanen, ferjefri E39 og rassikring.
  • Betra kollektivtilbodet i heile fylket.
  • Endra ordninga for fritt skuleval, slik at elevane får plass på nærskulen.
  • Redusera fråfallet i vidaregåande skule.

– Handlar mest om verv

Tom-Christer Nilsen

VERT UTFORDRA: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen meiner KrF har prioritert verv framfor politisk gjennomslag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen frå Høgre er skuffa over at KrF vel samarbeid med Arbeidarpartiet. For fire år sidan bytta han sjølv ut KrF med Venstre etter valet.

– Dette er veldig trist. Me har ei lang historie saman med KrF, sjølv om me ikkje har vore i koallisjon i lag dei siste fire åra.

Er dette eit «takk for sist» frå KrF si side?

– Ein skal aldri utelukka at det går ein Nemesis igjennom livet. Dette handlar uansett ikkje om innhaldet i politikken.

Avtalen gjer det vanskelegare for den sittande fylkesordføraren å behalda makta. Han meiner KrF har jakta verv og posisjonar framfor politiske saker.

– Det er såpass lite nytt politisk her, at eg ser på dette som eit forsøk på å sikra seg verv, seier fylkesordføraren.

– Politikken er viktigast

KrF sin førstekandidat tilbakeviser at partiet har valt posisjonar framfor politisk gjennomslag.

– Dette handlar om det politiske innhaldet, og at me ser ei større politisk begeistring her enn på den andre sida i politikken, seier Kårbø.