Hopp til innhold

Dei vart årets ungdomsgründerar

Dokking av skip har gjeve REMB Technologies frå Florø årets gründerpris for ungdom i Sogn og Fjordane.

REMB Technologies fekk Gründerprisen for ungdom 2016

FEKK PRIS: REMB Technologies fekk overrekt ein sjekk på 50.000 kroner, diplom og blomar frå fylkesordførar Jenny Følling. Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune

Prisen på 50.000 kroner vart delt ut då Fylkestinget opna på Hermansverk i dag.

– Gründerane er lokale florøværingar og har brukt den varierte og solide erfaringa si til å utvikle eit imponerande produkt på heimplassen sin, sa Jakob André Sandal frå hovudutvalet for næring og kultur.

Verksemda held til Florø, og vart i 2014 starta av Erlend Bjerck og Robin Madsen. Gründerane har lang erfaring frå verftsindustrien.

Sandal framheva at god industriell kompetanse er viktig for prosjektet, og rosa duoen for å satse frisk i ein global bransje prega av sterk konkurranse.

Juryen legg vekt på at verksemda har fått til eit produkt med høg grad av innovasjon, og at dei har tatt i bruk dei moglegheiter som ligg i industriklynga i Florø-området.

REMB har også imponert med det breie samarbeidet dei har med etablerte aktørar som Westcon Yard Florø, Kongsberg Innovasjon og TTS Syncrolift.

Ideen har fått brei støtte frå fleire store aktørar som Innovasjon Norge, Fram Flora, Flora kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane Sparebanken Vest og Norges Forskingsråd