Dei treng hundrevis av nye tilsette, men få unge vil jobbe i industrien

I industrisamfunn som Årdal i Sogn er behovet for arbeidskraft skrikande. Men svært få norske ungdomar vil jobbe der.

Hydro - ny omnsteknologi

MANGEL: Hydro har læreplassar, utplasseringsmogelegheiter og sommarjobbar, men knapt med elevar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Norsun har planar om å tidoble produksjonen og investere om lag fire milliardar i Årdal. Før 2025 har Hydro i Årdal 169 personar som må erstattast. Arbeidsinnvandringa går ned. Men det er vanskeleg å få unge i Sogn og Fjordane inn i yrka industrien treng.

I fylket er det berre 38 primærsøkjarar til 76 plassar på industriteknologi på vidaregåande skule, medan det berre er 4 søkjarar til 12 plassar på kjemiprosess. Det er ikkje nok. Denne nedgåande trenden ser ein i heile landet. Frå 2015 til 2018 har talet søkjarar til industriteknologi gått ned med 30 prosent.

– Reknestykket går ikkje opp, seier Frode Henden frå NAV Sogn og Fjordane.

Frode Henden

DÅRLEGE FRAMTIDSUTSIKTER: Med sviktande søkjartal og nedgåande arbeidsinnvandring, ser ikkje Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane korleis Hydro og Norsun skal fylle stillingane sine i framtida. (ARKIVBILETE)

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Garantert læreplass

Personalsjef hjå Hydro Årdal Metallverk, Geir Nordnes, synest det er rart at søkjartala er låge. Hydro har ein rekrutteringsstrategi. Dei møter elevar heilt ned til 8. klasse, inviterer til omvising i bedrifta, reiser rundt på forskjellige messer, og samarbeider med vidaregåande skular.

Geir Nordnes

UT I ARBEID: Om ein er interessert i å kome ut i arbeid er yrkesfag fortsatt den raskaste vegen, seier Nordnes.

Foto: PRIVAT

– Alt ligg til rette for at det skal vere eit yrkesfagleg miljø som gjer det attraktivt å komme hit for å komme seg ut i arbeidslivet, seier han.

Hydro kan nesten garantere at kvalifiserte elevar får læreplass. Samstundes er det mange mogelegheiter for utplassering og sommarvikariat, seier Nordnes.

– Då er du allereie inne. Du vert kjent med ein arbeidsgjevar, og så har du ein jobb når du er 18 år gammal.

Statusløft

Nordnes trur ein av grunnane til det låge søkjartalet er at yrkesfag har låg status i fylket.

– Vi må vere flinkare til å prate opp yrkesfaga. Eg trur foreldre og besteforeldregenerasjonen har førestillingar om kva dette er som ikkje stemmer i heile tatt, seier han.

Nordnes understrekar at industrien i Sogn er framtidsretta og i stadig utvikling.

– Det blir færre manuelle operasjonar. Det blir meir observasjon og informasjon. Ein må forstå prosessane, og ta avvik før avvik skjer. Vi må jobbe i lag med maskiner og utstyr på eit heilt anna nivå enn tidlegare. Dette bør jo passe ungdomen bra!

For få ungdomar

Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane trur det vert ei utfordring å få fatt i folk. Ikkje berre for utvidingar, men også for å oppretthalde den produksjonen ein har i Sogn og Fjordane i dag.

– Fylket har over lang tid hatt utflytting av ungdom. Der er ikkje potensial for vekst i sysselsetjinga, seier han.

Henden legg til at mangelen på arbeidskraft synest å bli stadig meir alvorleg, då tilgongen på utanlandsk arbeidskraft allereie minkar.

– Det er for få ungdomar, og kampen om folk på landsnivå er knallhard.