Hopp til innhold

Dei skal gi kystkommunane betre naudnett

BYRKNES (NRK): Eit naudnett som ikkje fungerer som det skal kan vere kritisk. Onsdag kjende brannvesenet i Gulen nok ein gang på uroa.

Sigurd Heier (t.h.) måler dekningsgraden for naudnettet i Gulen.

MÅLER: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap var torsdag i Gulen for å sjå kor godt naudnettet dekkjer kommunen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det var ein relativt kritisk situasjon, og vi hadde ikkje naudnettdekning, seier Sigvald Kvinge.

Sigvald Kvinge

UROA: – For at naudetatane skal gjere dei rette avgjerdene, så er det avgjerande å få ut informasjon. Då er det tenkt og lagt opp til å bruke naudnettet. Då må det også fungere, seier brannsjef Sigvald Kvinge.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Brannsjefen i Gulen og Masfjorden snakkar om arbeidsulukka som skjedde i Sløvåg i går. Som så mange gonger før var brannvesenet førsteinstans på skadestaden, men stod heilt utan naudsamband.

– Naudnettet er supert når det fungerer. Fungerer det ikkje, så kan det vere livstrugande, legg Kvinge til.

Supert eller livstruande

Før jul stod brannvesenet i Gulen fram på NRK og fortvilte over at naudnettet ikkje har dekning i store deler kommunen . Ved innseglinga til Sognefjorden går også den travle skipsleia like nord for oljeterminalen på Mongstad.

– Dekninga er ikkje god nok i enkelte situasjonar og stader. Ikkje minst i ytre Gulen. Der er den veldig marginal og varierande. Det er uheldig og ein risiko, seier Kvinge.

DEKNINGSKART: Dette er DSB sitt eige dekningskart for kor godt naudnettet dekkjer Noreg.

Liknande erfaringar har også naudetatane landet over gjort seg. Brukarundersøkinga frå 2016 viser at etatane er positive til overgangen.

Men medan åtte av ti meiner at dekninga er tilfredsstillande i by/tettbygde strok, meiner mange at den kan forbetrast i enkelte tettstader og spreiddbygde strok.

Får ny basestasjon

Gulen er den femte mest spreiddbygde kommunen i landet. Og no vil Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap betre dekninga på land.

Dialogen med naudetatane har gjort at dei i år set opp ein ny basestasjon på Ytre Sula i Solund. I 2018 opplevde dei at naudnettet ikkje fungerte under ein stor lyngbrann .

– Den gir veldig mykje betre dekning der, og vil også ha effekt her. Det har vi gjort teoretiske målingar på, og vi vil gjere nye målingar når basestasjonen er oppe og går, seier avdelingsdirektør Sigurd Heier.

Grunnleggande nett

Den nye basestasjonen gler Kvinge. Han seier det er grunnleggande med ein informasjonskanal som fungerer for at naudetatane skal kunne handtere og gjere dei rette disposisjonane ved hendingar.

I Gulen kan ambulanseressursen vere vekke i timevis, medan det fort kan ta eitt par timar for politiet å kome fram til ei hending.

– Dess lenger ut i periferien ein kjem, jo viktigare er det at det vi har for å hjelpe oss med, fungerer, seier Kvinge.

Vurderer utbetringar

Heier målte torsdag dekninga på alle offentlege vegar i Gulen. Resultata gir grunnlag for ein analyse for å sjå om dekninga kan forbetrast ytterlegare.

Han seier dekninga generelt sett er robust og god, men at DSB no ser etter å gjere den endå betre.

– Alle naudetatar brukar og er avhengige av naudnettet. Det er det viktigaste verktøyet deira. Det er mitt ansvar at nettet fungerer og er tilgjengeleg for naudetatane 24/7 og der dei opererer, seier han.

– Med den nye masta, kan folk kjenne seg trygge på at naudnettet fungerer som det skal når det skal?

– Vi avheng ikkje av den eine basestasjonen for at brannfolk skal vere trygge på at naudnettet fungerer i Gulen, men den vil forsterke og betre dekninga i nokre område der dekninga har vore for dårleg.