Hopp til innhold

Jenny om alarmsentral, fylkeskutt og vegar som kanskje kjem

Ho drøymer om å bli fylkesordførar, men reknar kampen for politidistriktet som tapt. I dag var det Jenny Følling som blei spurt ut av Erlend Blaalid Oldeide.

Valutspørjing av Jenny Følling

SJÅ HEILE: Her kan du sjå korleis det gjekk då Erlend Blaalid Oldeide spurte Jenny Følling ut på direkten.

Vallogo

«Eg har stilt meg på toppen for Senterpartiet, og vi har eit mål om å bli største parti og få fylkesordføraren. Eg er løysingsorientert og pragmatisk, og kan få samarbeid til å fungere.»

Om draumen om å bli fylkesordførar

«Det er slik at Senterpartiet har stått opp for politidistriktet, og hadde det blitt slik vi stemte så hadde politimeisteren, operasjonssentralen og alarmsentralen blitt verande i fylket. Den saka er tapt.»

«Dette handlar om å ta vare på lokalkunnskap og dette handlar om å styrke AMK-sentralen i neste omgang. Dette handlar om å redde stumpane og ta vare på den lokale beredskapen vi har.»

Om kampen for beredskaps- og alarmsentralane

«Senterpartiet har vore med og bygd opp Fjord1 til milliardverdiar og vår intensjon er at vi skal vere med og utvikle Fjord1 til eit internasjonalt sjøselskap og vår eigardel vil vere avhengig av kor mykje kapital selskapet vil ha behov for for å utvikle seg.»

Om sal av fylkeskommunal eigedom

«Vi forventar at det i løpet av perioden vil bli eit anna stortingsfleirtal som vil prioritere distriktet annleis. Då legg vi ambisjonsnivået litt høgare enn i dag.»

Om komande kutt i fylkesøkonomien

«Eg kan ikkje fri meg frå tanken om at i staden for å plassere pengar i utlandet, så hadde det vore betre å bygd infrastruktur i landet.»

Om framtida for kystvegen

«Eg har ikkje tru på omkampar, har ein lagt ein vegtrasé, så må ein la den liggje»

Om bru frå Lote til Anda og E39-bru i indre