Hopp til innhold

Dei sa opp jobbane sine for å satse på gammalt hotell

STRYN (NRK): Dei har hatt vekst sidan dei blei hotelleigarar for fem år sidan. No har ekteparet Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal begge fulltidsjobb ved Visnes Hotel.

Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal

FULLTIDSARBEID: No er både Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal inne i drifta av Visnes Hotel på fulltid. Dei kan ta imot 30 gjester ved hotellet i Stryn.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det var dagar vi monterte senger rett før gjestene kom. I ettertid kan vi vere glade vi ikkje visste alt som kom til å skje, ler Marit Nordheim Otterdal.

For fem år sidan tok ho og ektemannen over ærverdige Visnes Hotel, eit hotell som hadde vore familiedrive i seks generasjonar. Frå nyttår kunne også han seie opp jobben, og gå inn i hotelldrifta på fulltid.

– Det har vore ei jamn og fin stigning heile vegen, og vi har auka omsetnaden kvart år, fortel Arvid Otterdal.

Tidleg ute

Dette året har dei utanlandske turistane vore ekstra tidleg med bookinga.

– Juni, juli og august har begynt å bli fullbooka, då har vi fylt opp 70–80 prosent. Vi ser òg at vi må opne tidlegare. Vi har skigrupper i april, og september auka på. Det er rikeleg med arbeid, seier han.

Organisasjonen De Historiske har 60 historiske hotell på medlemslista. Til liks med Visnes Hotel ser sommarsesongen lovande ut for fleire, men vêret er avgjerande særleg i den norske marknaden, fortel administrerande direktør Nils Henrik Geitle.

– Mai og juni ser veldig lovande ut for mange av hotella våre. Juli alltid litt spennande. Mange har mange bestillingar i botnen, så handlar det om å få fylt opp dei siste 20–30 prosentane. Då er den norske marknaden viktig.

Rundt 60 prosent av kundane kjem frå heimemarknaden, 40 prosent frå internasjonal marknad.

– Vi har hatt vekst kvart år siste fem åra. Trenden er at marknaden, både den norske og internasjonale, vil oppleve unike plassar, dei vil ha lokalmat og godt vertskap. Det betyr at trenden går i den retninga som mange av våre hotell representerer, seier Geitle.

Marit Nordheim Otterdal

HEIMELAGA: Rundstykka er klare. Maten er ein av suksessfaktorane til hotellet, meiner ekteparet.

Foto: Benedikte Grov / NRK

God utvikling

Plassen, god kontakt med vertskapet og lokalmat er suksesskriteria, meiner også hotelleigarane i Stryn.

– Mange reiser mykje i dag. Eg trur dei særleg som reiser mykje, er dei som søkjer desse plassane som er annleis når dei har fri. Det er gjerne folk som vil vekk frå dei store kjedehotella, seier Marit Nordheim Otterdal.

Til Visnes kjem både nordmenn og utanlandske gjester.

– Vi kan kome inn til frukost og det er folk frå ti forskjellige nasjonar som sit og pratar, det er veldig artig, seier Arvid Otterdal.

Reiselivsutviklinga i regionen speler positivt inn, meiner dei. Hotelleigarane ser at fleire tar to eller tre overnattingar, der mange før berre blei ei natt.

– Det er mykje å gjere, mange aktivitetar i Nordfjord-området. Og det er kort veg til alt, seier han.

– Fordelen med Stryn og Nordfjord, er at òg vi har rikeleg med plass. Ein kan framleis gå ein tur i ein dal her utan å treffe nokon, viss ein ønskjer det.

Mykje å gjere

Mens sommarhalvåret handlar om ta seg av gjestene, går vinteren med til å ta seg av hotellbygningen.

– Vi er glade for alt vi får gjort med bygget. Interessa vi har, i tillegg til å drive med turisme, er for sjølve bygget, seier Marit Nordheim Otterdal.

No planlegg ekteparet dessutan å ta fatt på låven like ved hotellet, for å gjere det til ein arena for kulturtilbod og servering.

– Må ein vere litt altmogleg-folk for drive ein slik plass?

– Ja, ler dei.

– Ein må gjerne skifte tre gongar for dag for å kome i mål, men det er kjekt det, seier Arvid Otterdal.

Visnes Hotel i Stryn

LANGE TRADISJONAR: Det har vore hotelldrift i bygget sidan 1800-talet.

Foto: Benedikte Grov / NRK