– Det er heilt fantastisk å gå på skulen her. Eg vil takke lærarane og Norge for at eg får lov til å gjere det.
Sherwan er entusiastisk når han får spørsmålet om han trivst på norskopplæringa for mindreårige asylsøkjarar i Sogndal.
– Vi lærer ikkje berre norsk, men også matematikk, geografi og fysikk. Det er veldig bra, slår 17-åringen frå Syria fast.
Framleis famlar han og dei andre elevane litt etter dei norske orda, og engelskkunnskapane er gode å ha. Men når lærar Carolina Tveit Flotve spør om kva dei norske dagane heiter, kjem det på rams: «Måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag»
Flytta til folkehøgskulen
– Elevane er veldig motiverte. Det er ulikt kva skulebakgrunn dei har frå før av, så vi prøver å leggje opp undervisninga slik at vi skal nå alle. Eg synest i alle fall det er veldig kjekt å undervise dei, fortel læraren.
I eit gamalt, men lyst og fint klasserom på Sogndal folkehøgskule har norskundervisninga fått sin naturlege plass. Ved å plassere elevane der, så vonar kommunen og asylmottaket at språktrening og sosialisering skal gå enda betre.
– Mellom anna har vi kvar torsdag eit felles opplegg med folkehøgskuleelevane: Det fungerer veldig bra, fortel Flotve.
UDI rosar kommunen
Tidlegare har Utlendingsdirektoratet (UDI) vore kritisk til at ikkje alle kommunar klarer å oppfylle kravet om seks timar undervisning kvar dag.
Regiondirektør Sissel Mehammer rosar no Sogndal kommune for at dei vel å bruke så mykje ressursar på dei mindreårige, og at dei har plassert dei saman med andre unge på same alder.
– Vi veit at einslege mindreårige som bur på mottak i Norge er generelt sett veldig opptekne av å få opplæring. Dei er veldig motiverte for å skaffe seg den opplæringa dei kan få. Det at dei kan kombinere det med å vere på ein skule der dei også få kontakt med andre ungdomar på same alder, er ei veldig flott ordning.
Godt læringsmiljø
Ruta (16) kom frå Eritrea til Sogndal, og latteren og smilet kjem fort fram når vi spør om korleis ho likar å ha seks timar intensiv opplæring i norsk og andre fag kvar dag.
– Alle vi i klassen har blitt gode vener og vi hjelper kvarandre.
– Kva vil du bruke kunnskapen du får til seinare i livet?
– Eg vil bli lege, smiler Ruta.