Hopp til innhold

Dei norske hesterasane er kritisk trua – denne er eit mirakel

NORDFJORDEID (NRK): I år kom det ei litt spesiell og etterlengta julegåve til fjordhestsenteret, nemleg ein fjordhest med ein sjeldan farge.

Fjordhesten Mirakel

SJELDAN FARGE: Fjordhesten Mirakel har ein farge som ikkje er vanleg. Det blir fødd berre eitt føl i året med slik farge.

Foto: Magni Hjertenes Flyum

– Vi har fått ein fjordhest som har fargen gulblakk. Det er den mest sjeldne fargen, og det blir berre født eitt slikt føl i året, fortel ei glad Magni Hjertenes Flyum som er leiar ved Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

Ved senteret har dei mangla ein fjording i denne fargen, men i år kom altså hoppa Mirakel som ein i førjulspresang.

– For oss er det ekstra kjekt at vi endeleg har fått alle fargane her.

Fjordhestar kan ha fem forskjellige fargar. Den meste sjeldne er den gulblakke fargen. Den er nesten heilt kvit.

Fjordhesten er del av vestlandsidentiteten, og blei verkeleg kjent for mange gjennom rolla som slottshest i Frost-filmane til Disney.

Skal brukast i avl

Mirakel skal no brukast til formidlings- og avlsarbeid ved det nasjonale senteret for fjordhesten.

Dei tre nasjonale hesterasane dølahest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest, er alle kritisk trua.

I 2019 blei det fødd høvesvis 128 dølahestar, 170 fjordhestar og 106 nordlandshestar/lyngshestar, viser tal frå Norsk hestesenter. Situasjonen er likevel betre enn den har vore.

I botnåret 2015 blei det berre fødd 85 fjordhestar.

Fødde dølahestar, fjordhestar og nordlandshestar/lyngshestar 2010-2019

Fødselsår

Dølahest

Fjordhest

Nordlandshest/lyngshest

2010

215

196

90

2011

192

156

98

2012

138

126

70

2013

159

125

70

2014

142

117

77

2015

108

85

116

2016

103

132

86

2017

121

131

124

2018

144

132

80

2019

128

170

106

Ekspander/minimer faktaboks

– Det går rette vegen, sjølv om det ikkje går så fort, seier Nina Sæther som er fagleiar hos Norsk genressurssenter.

Det bør bli fødd meir enn 200 føl i året av kvar rase for at ein skal bevara nok genetisk variasjon.

– Dei siste åra har dei blitt meir populære att. Marknaden spør etter fleire føl enn det blir produsert, seier Sæther.

Likevel tar det tid å laga ein hest kundane vil kjøpa. Først skal hoppa gå drektig i 11 månader, før hesten må trenast i fleire år. Marknaden vil gjerne ha 5–6 år gamle hestar, opplyser seniorrådgjevar Siri Furre i Norsk hestesenter.

– Det gjerast ein del god jobb som gjer at ting held på å snu for dei norske rasane, seier Furre.

Dei siste åra har dei norske hestane blitt marknadsført meir, både for køyre- og ridesport og for turistar, opplyser Furre.

Asle Espe

STAS: Driftssjef Asle Espe er glad for å ha fått Mirakel i stallen.

Foto: Magni Hjertenes Flyum

Har eigen avlsplan

Stallansvarleg Asle Espe seier Fjordhestsenteret har ein avlsplan der målet er å ta vare på alle dei fem fargane som fjordhestar kan ha.

– No må vi tenkje avl på denne hoppa og finne gode kombinasjonar med hingstar. Her jobbar vi med å fjordhesten og passar på at ein tek vare på det genetiske mangfaldet.

Mirakel som blei fødd i Trøndelag i 2018, kosta 50.000 kroner. Gåva var sponsa av likørprodusenten Fjording på Nordfjordeid.

Så langt har Mirakel tilpassa godt seg det nye livet på Nordfjordeid.

– Ho er roleg og avbalansert, går fint inn i opplegget vi har her, seier Espe.