Hopp til innhold

Her nektar dei gje slepp på vinteren - kasta seg utfor fjellsida 1. mai

Medan mange allereie har funne fram kortbuksa og sommarskoa, nektar skikøyrarane i Sogn å gje slepp på vinteren. Sjølv om kalenderen visar mai har dei flotte forhold i fjellet.

Medan mange allereie har funne fram kortbuksa, nektar skikøyrarane i Sogn å gje slepp på vinteren. Bli med på bratt skikøyring i fjella i Jostedalen.

NEKTAR GJE SLEPP PÅ VINTEREN: 1. mai vart det arrangert frikøyringskonkurranse i fjella i Jostedalen. FOTO: Håvard Nesbø.

Og dei flotte forholda blir utnytta til det fulle. I går gjekk frikøyringskonkurransen SGN-cup av stabelen, og for andre året på rad var det dei majestetiske fjella i Jostedalen i Luster som var kulissar.

Der er det framleis full vinter, og med lokalkjende til å plukke ut løypa fekk deltakarane litt å bryne seg på.

– Det var bratt, med mykje terreng, som vil seie at fjellsida inneheld både renner, snøflankar og hamrar som skiløparane kan bruke som dei vil, fortel fjellførar og skikøyrar Bjørnar Bjørhusdal.

– For dei som vil utfordre seg sjølve

Mange av dei ivrigaste skifolka nytta påska til å få seg nokre etterlengta skiturar, men dei aller ivrigaste held på enno.

For det er framleis fine forhold i fjellet fleire stader. Jostedalsfjella i Luster er blant det, og skikøyrar og ein av arrangørane bak SGN-cup, Torgeir Sværen Henjum, er glad dei i går kunne invitere til renn.

– Vi prøver få til eit arrangement som appellerer til dei som ønskjer utfordre seg sjølve i bratte fjellsider. Dette vil vi få til i form av ei kjekk og sosial tevling med ski på beina, seier Sværen Henjum.

Skal gjere dommarane til lags

Konkurransen går ut på at alle skal køyre ned den same fjellsida, men vegen ned er opp til kvar enkelt.

Skikøyrarane blir følgde av argusauga til eit koppel dommarar som gir poeng ut frå linjeval, flyt, teknikk, kontroll og luft.

– Kort sagt skal det sjå tøft, artig og imponerande ut. Men uansett er hovudfokuset at vi skal samlast og ha det moro på ski saman, seier Sværen Henjum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå SGN-cup som vart arrangert i Jostedalsfjella 1. mai
Foto: Bjørnar Bjørhusdal

Kjentfolk fann den perfekte plassen

Arrangørane hadde fått hjelp av kjentfolk til å finne fram ei perfekt fjellside for konkurransen. Fjellførar og skikøyrar Bjørnar Bjørhusdal frå Luster har over hundre dagar med ski på beina kvart år, og er godt vand med å trakke fjellsidene etter fjellsidene opp.

Frå skattekista av fjell i Jostedalen hadde han plukka fram den vel 350 meter høge og bratte fjellsida som går ned frå fjellet Kvitekoven, der sida går ned i Store Geisdalen.

– Etter mykje finvêr i april hadde mykje snø smelta i solsidene i fjellet, spesielt i bratt terreng. Men etter ein dag i fjellet med Ola Alsterholm fann vi etter kvart ei sørvendt side som hadde det vi leita etter, seier Bjørhusdal.

Hadde vêrgudane på si side

Og med ei god blanding av renner, snø og hamrar låg alt til rette for brattkøyring. Men ei stund frykta ein at vêrgudane likevel skulle setje ein stoppar for konkurransen.

– Vi var redde for at sola ikkje skulle få overtaket, og at snøen skulle vere som knallhard betong. Med opp mot ti minusgrader om natta og kald trekk om morgonen måtte vi ha full sol for å tine isveggen ned frå fjellet Kvitekoven.

– Men til alt hell løya vinden så sola fekk tak og dei med startnummer kunne yte maks og underhalde oss andre i same slengen, seier Bjørhusdal.

– Ein kanondag

Han let seg imponere av nivået blant både jentene og gutane som deltok, medan vinnaren i herreklassen var imponert over løypa.

– Det var ei flott fjellside i perfekt vårslush, seier Ivar Løvik frå Sogndal som vann herreklassen.

– Fjellsida hadde bratte parti med mange ulike element som ein kunne nytte seg av på vegen ned. Alt i alt var dette ein kanondag med god stemning blant alle deltakarane.

Gir skryt til arrangørane

Også i dameklassen var det høgt nivå blant deltakarane. Marit Rolvsjord vann, like føre Johanne Askim Asdde og Marta Lidstrøm, alle rangert i Norgestoppen.

Rolvsjord kan i år skilte med ein solid andreplass samanlagt i Norgescupen i frikøyring. Ho likte seg svært godt i fjella i Jostedalen.

– Det var ein veldig fin dag på ski. Gjennomføringa av arrangementet var kjempebra. Det er veldig moro å vere med på ein lokal konkurransen med så mange kjente fjes, seier ho.

– Eg trefte slik eg hadde planlagt ned fjellsida, og det er eg veldig godt nøgd med.