Hopp til innhold

Dei kjenner seg ikkje trygge i russetida

FØRDE (NRK): I dag startar russetida for fullt med stor fellessamling for russen. Tida som skal markere avsluttinga av 13 års skulegang er likevel ikkje berre prega av moro.

Ida Marie Oslang og Madlen Lehmann skulle ynskje dei kjende seg trygge i russetida.

RUSSETID: – Vi jentene veit kva vi kan bli utsette for. Får gutane i seg for mykje alkohol, så tenkjer dei nødvendigvis ikkje like klart som når dei er edru, seier Ida Marie Osland (t.v.) og Madlen Lehmann ved Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Foto: Solveig Svarstad

– Nei, eg kjenner meg ikkje trygg. Det er mange folk rundt her som ikkje tenkjer over kva dei gjer, seier Ida Marie Osland.

Ho sit i russestyret på Mo og Øyrane vidaregåande skule, og gjer seg klar til å starte russefeiringa for fullt saman med resten av russen i Sogn og Fjordane. Fredag hadde dei russedåp ved skulen, og i kveld er det tradisjon tru eit stort felles arrangement for russ frå heile fylket. NRK har tidlegare fortalt at russejenter i Førde bur seg til feiringa med å skaffe seg peparspray og valdtektsalarm.

– Ein går rundt med ei ekkel kjensle i magen, og ser seg over skuldra. Vi har ikkje lyst å kjenne oss utrygge, for det påverkar oss og vi kosar oss ikkje like mykje, utdjupar ho og Madlen Lehmann, som også sit i russestyret på skulen.

Slik dei ser det går fleire av russeknutane for langt. Ein av knutane er mellom anna å ha sikker sex med ein i russestyret. Dei trur det er mange jenter som kjenner på press i russetida, og dei skulle ynskje dei slapp det.

– Ei jente kunne gått naken og ho har framleis ikkje bedt om det. Vi må kunne gå slik vi vil utan å vere redde for at nokon hoppar på oss, seier Lehmann.

- Alle eig sin eigen kropp

Helsesøster ved Hafstad vidaregåande skule, Jorunn Eldegard, er kvart år rundt i klassane og snakkar med russen. Om grensesetjing, seksuelle overførbare sjukdomar og andre smittsame sjukdomar som ungdomane må vere obs på.

Jorunn Eldegard

PRESS: – Fortel ungdomen din at han eller ho kan ha det kjekt utan å drikke for mykje, er eit av råda frå helsesøster ved Hafstad vidaregåande skule, Jorunn Eldegard.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg trur ikkje dei fleste er redde for å bli valdtekne. Dei er opptekne av å ta vare på kvarandre. Eg skulle ynskje dei ikkje var redde, men dei har sikkert høyrt at om dei blir utsette for seksuelt misbruk, så skjer det ofte i samband med mykje alkohol og at det ofte er nokon dei kjenner som gjer det.

Ho meiner foreldra har eit stort ansvar.

– Ein bør bu ungdomen sin på russetida, og at det vil kome nye utfordringa i denne tida. Det kan vere vanskeleg både for foreldra og ungdomane å snakke om sex, men ein må ta den praten. Alle eig sin eigen kropp, og ein skal aldri gå over den grensa, meiner ho hovudbodskapen må vere.

Ungdommane i Førde er samde, og meiner foreldra må gå rett på sak og droppe snikksnakk om blomster og bier. Dei gler seg til dei sosiale samankomstane i tida framover, sjølv om dei kjenner på ei viss uro.

– Eg håpar vi passar på kvarandre, og at vener er med kvarandre slik at ein kan kjenne seg litt tryggare. Eit nei er eit nei, og det må respekterast, seier russejentene.