Hopp til innhold

LO-kjempe støtta streikande butikktilsette

Tidlegare LO-leiar Yngve Hågensen dukka i dag opp for å gje si støtte til dei streikande butikktilsette i Bergen. – Stå på, det er rettferdige krav, var Hågensens klare bodskap til streikevaktene.

Yngve Hågensen

– STREIKAR FOR EI GOD SAK: Lik løn, for likt arbeid er hovudkravet til dei streikande organiserte i Handel- og kontor Region Vest. Dei fekk i dag full støtte frå den tidlegare LO

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

– Dei streikar for ei særdeles god sak, og har fortent støtte frå oss alle.

Tidlegare LO-leiar Yngve Hågensen møtte i dag streikevakter utanfor eit bakeri i Bergen. Og støtte skulle det ikkje mangle på frå den tidlegare fagforeiningsleiaren.

– Stå på. Det er rettferdige krav. Det er snakk om likeløn i 2014, likeløn i forhold til tilsvarande bransjar og i forhold til kjønn.

Tilsette i gullsmedar, blomsterbutikkar, slaktarforretningar og bakeri, som er organisert i fagforeininga Handel og Kontor Region Vest, er no i streik. Laurdag blei 205 medlemmer tatt ut frå 48 butikkar. Lik løn for likt arbeid er hovudkravet frå handel-og kontornæringa.

LES OGSÅ: Dette er årsaka til streiken

– Dei kjempar for ei god sak

Det er gode grunnar til å støtta dei streikande i blant anna blomsterbutikkar og bakeriutsal, seier Hågensen som var i Bergen i samband med ei Handel- og kontor konferanse.

– Når eg fyrst var her ville eg gjerne komme bort og snakke litt med dei. Eg vil seie at dei kjempar for ei god sak, og at dei gjer ein skikkeleg fin jobb.

(Artikkelen held fram under biletet)

Streikande

STREIKAR: Laurdag blei 205 medlemmer i Handel og Kontor Region Vest tatt ut i streik frå 48 butikkar. 23 av de 48 verksemdene er i Hordaland.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Hågensen meiner det er spesielt viktig å vere merksame på butikktilsette, som han meiner blir oversett i mange samanhengar.

– Dei er ein del av det totale samfunnsmaskineriet som skal haldast i gong. Det er det dei skal minne mange andre om, meiner Hågensen.

– Kva tenker du om NHO si rolle i streiken?

– Når NHO for kort tid sidan avslutta sine forhandlingar med transportbransjen, så gav det dei butikktilsette håp om å få den same utteljinga. NHO seier no nei. Då må eg innrømme at det skjønnar eg ikkje. Dei må jo vere for likebehandling mellom eigne medlemsbedrifter og tilsette som gjer stort sett same jobb.

– Dei seier dei skal modernisere Noreg. Då må dei pinadø byrje med det og ikkje berre snakke om det, seier Hågensen.

LES OGSÅ: Blomsterselgere streiker for første gang

– Handlar ikkje om likelønn eller kjønn

NHO beklaga laurdag streiken, men sa då til NRK at dei ikkje kunne gå med på krava.

– Me kan ikkje forhandle fram undergangen for våre medlemsbedrifter, sa NHOs forhandlingsleiar Elisabeth Lea Strøm.

Ho avviser at konflikten dreier seg om kvinnekamp.

– Dette handlar ikkje om likelønn eller kjønn. Dette handlar om lønsevne, at bedriftene skal overleve.