Dei filma St. Petersfisk i Nordfjorden

Johan Lennart Hovden frå Lefdal i Nordfjord trefte på ein fiskeart som er sjeldan på våre breiddegrader då han dykka ved Totland i Vågsøy søndag.

To dykkarar filma sjeldan fisk ved Totland i Vågsøy.

ST. PETERSFISK OG KRONEMANET: Sjå videoen til Johan Lennart Hovden.

Ikkje berre eitt, men to eksemplar av St. Petersfisk møtte dei på sin safari under havflata i Nordfjorden. Hovden dykka i lag med Per Skorge og Tor Sæter frå Åheim. Alle er medlemmer i Ægir Dykkerklubb, der Sæter er leiar.

– Per har dykka i 30 år, men han hadde aldri sett denne fiskearten før. Sjølv har eg fått to eksemplar på garn. Dei var litt større enn dei vi såg i helga, seier Hovden.

Og det har vore fleire observasjonar av det som blir kalla «havets kylling», rekna som ein delikatesse, langs vestlandskysten.

Johan Lennart Hovden

FLOTT FANGST: Johan Lennart Hovden med steinbiten som vart teken med kniv.

Foto: privat

– Neppe varmt vatn som lokka

Det har vore spekulert i at denne fisken kjem hit fordi havtemperaturen har stige også i våre nordlege farvatn, men den kanskje mest nærliggande forklaringa er at fiskane rett og slett har blitt ført med havstraumane.

For til fisk å vere er «havkyllingen» ikkje spesielt god til å symje, korkje sprint eller langdistanse.

– Det var iallfall ikkje spesielt varmt i fjorden då vi dykka søndag. Det var berre sju varmegrader, så det kan neppe ha lokka fisken hit, seier Hovden.

Men sjølv om dei såg to eksemplar same dagen trur han ikkje det er så mange St. Petersfiskar i våre farvatn.

– Vi dykkar temmeleg mykje, så i så fall burde vi ha sett fleire. Og vi kjem over ganske store område, kompisen min har ein undervassskuter.

Per Skorge og Tor Sæter

STORFISK: Per Skorge og Tor Sæter med torsken som vart teken med berre nevane.

På turen søndag såg dei og ein kronemanet (sjå videoen). Denne arten er vanskeleg å finne på dagtid, fordi han då held seg nede på djupt vatn. Når det mørknar tek han turen til overflata, og då hender det at han blir ein lite velkomen fangst i garn.

– Eg har sjølv fått kronemanet i garn av og til, det er helst ein uønskt art, sjølv om han ikkje svir så ille som brennmaneten, seier Hovden.

Fanga torsk på 12 kilo med hendene

Hovden var i sjøen både laurdag, søndag og måndag, og det var ikkje berre sjeldne artar å sjå.

– Per Skorge fanga laurdag ein torsk på over 12 kilo med berre hendene. Han fekk ei hand inn bak gjellene og ei på kjeften, slik at torsken ikkje kunne symje. Og måndag tok han ein steinbit på 10-11 kilo med kniv.

Hovden seier at han har ein harpun, men han vel å ikkje bruke den når han dykkar.

– Når vi er fleire som dykkar samstundes er det tryggast å la vere.

Dykking i Nordfjorden

FLOTTE FARGAR: Slik tek dykkarbåten seg ut nedefrå.

Foto: Johan Lennart Hovden