Hopp til innhold

Dei feirar julaftan åleine – fordi dei ynskjer det

Dei er åleine i jula. Ikkje fordi dei manglar selskap, men fordi dei vil. – Som menneske har vi eit fundamentalt behov for å trekkje oss tilbake, seier munk.

På eit torp langt, langt inne i Grue Finnskog har Jan Storberget feira jul åleine heilt sidan faren døde. Det var for 22 år sidan.

SNAKK MED KATTEN: På eit torp langt, langt inne i Grue Finnskog har Jan Storberget feira jul åleine heilt sidan faren døydde. Det var for 22 år sidan.

Foto: Torje Bjellaas

På Bryggja i Nordfjord bur Olav Gjesdal (76) i enden av ein lang privatveg. Nokre gongar snør vegen att, men det synest Olav er heilt greitt.

Då kan ingen køyre opp til han, og han får nok besøk resten av året.

I år feirar han jul heilt åleine. Med fjellet Hornelen som einaste selskap. Og det er heilt i orden.

Ja, i grunnen er det best slik.

– Eg fyrer i omnen og kosar meg, seier han.

Ifølgje Respons analyse feirar to av hundre nordmenn julehøgtida utan selskap. Mykje av det skuldast einsemd.

Men blant desse to prosentane er det også mange som vel å isolere seg. Heilt frivillig.

Olav Gjesdal feirar jul heilt åleine. Med fjella og sjøen som einaste selskap. Og det er heilt i orden.

FRÅ EIGEN SKOG: Olav Gjesdal feirar jul heilt åleine. Og det er heilt i orden.

Foto: Harald Kolseth

– Åleinetid har blitt ein knappleik

– Dei aksepterte valet med ein blanding av bekymring og dårleg skjult nysgjerrigheit, seier Trond Haugan (52), som er tekstforfattar i Ren Røros Frontal.

For 11 år sidan gav han beskjed til dei rundt seg: Han ville feire julaftan åleine.

Til vanleg ville huset lukta av ribbe og heimelaga raudkål med karve, men nå sette han i staden kurs for fjellbygda Tydal, halvannan times køyring austover frå Trondheim.

Der gjekk han ut på ei opa vidde «utan ein kjeft i nærleiken». Månen var komen opp, og lyste uklart gjennom snødrevet.

Fyrstikkene sløkte raskt i vinden, men til slutt fekk han fyr på bålet. Han skriv om opplevinga i ein artikkel hos magasinet Harvest:

«Bålet varma i ansiktet. Flammane gjorde at det verka enda mørkare rundt meg. Kanskje nokon kikka ned og undra seg over at det brann eit bål midt i ingenting.»

Deretter spente han på seg skia att og følgde spora tilbake til ei hytte han hadde lånt.

I år blir det åleinejul på ny.

– Åleinetid har blitt ein mangelvare, seier han til NRK.

Ja, ikkje berre er det lite av denne tida. Ho blir oppfatta som eit problem – som må løysast:

– Så seint som i går ringde ein ukjent person til meg og fortalde at ho ville feire jul åleine, men at foreldre og søsken hadde protestert fordi dei var bekymra for at ho hadde det bra. Det skal mykje til for at vi aksepterer at nokre vil vere åleine i jula.

MIDT I INGENTING: Bålet varmet i ansiktet. Flammene gjorde at det virket enda mørkere rundt meg. Kanskje noen kikket ned og undret seg over at det brant et bål midt i ingenting? spør Trond Haugan

MIDT I INGENTING: Bålet varma i ansiktet. Flammane gjorde at det verka enda mørkare rundt meg. Kanskje nokon kikka ned og undra seg over at det brann eit bål midt i ingenting? spør Trond Haugan

Foto: Trond Haugan

– Fjøsstellet er det same alle dagar

– Høgdepunktet er å høyre juleklokkene frå fødselskyrkja i Betlehem. Eg har besøkt den to gongar, seier Jan Storberget (77).

På eit torp langt, langt inne i Grue Finnskog har han feira jul åleine heilt sidan faren døde.

Det var for 22 år sidan.

Hytjanstorpet ligg djupt inne i Finnskogen og er eit av få attverande finnetorp i Noreg.

Det blir åleinejul i år også. Broren er død, og søstera bur i Sverige. Næraste nabo bur ti kilometer unna.

Og dessutan: For dei fire kvigene er livet enkelt.

– Fjøsstellet er det same alle dagar, seier Jan.

Det er dagane til Jan også. Men berre nesten. For to år sidan for eksempel byta han ut ribbe med pinnekjøt.

To gongar har han feira jul med vaktsoldatar i Gaza, der han tente som bataljonsskrivar.

Men best likar han seg i Finnskogen. Imilla seg og himmel'n og eit fjøs og fire kviger. Åleine, men aldri einsam.

– Det er noko anna med sankthansaftan. Då vil eg ha selskap. Men ikkje på julaftan.

Storberget har vore med i Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Les meir om Storberget her.

Jan Storberget på Hytjanstorpet i Grue Finnskog

ÅLEINE I 22 ÅR: – Høgdepunktet er å høyre juleklokkene frå fødselskyrkja i Betlehem, seier Jan Storberget (77).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Set stilla høgst

– Eg har lyst til å vere åleine, i stilla – og kanskje får eg kontakt med Gud, skriv sosialantropolog Gunn-Helen Øye.

I ein kronikk i Aftenposten fortel ho om sitt eige ønske om å feire jul åleine.

– Eg har aldri fått så mykje respons på eit innlegg nokon gong, seier Øye til NRK.

Mange av tilbakemeldingane kjem frå menn, fortel ho, frå ulike stader i landet.

– Dei seier dei kjenner seg igjen, og synest det er fint at eg har sett ord på det. Det er nesten skam knytt til andre måtar enn mainstream-måten å feire jul på, seier Øye.

– Kvifor vil du feire jul åleine?

– For kontemplasjon og stille.

Trendforsker Gunn-Helen Øye

SKAM: Sosialantropolog Gunn-Helen Øye opplever at det er skam knytt til å ikkje feire jul slik som «alle andre».

Foto: Werner Anderson

– Eigentleg aldri heilt åleine

– Hovudproblemet i dag er kanskje at så få trur at menneske er åndelege vesen, seier Hallvard Thomas Hole, som er munk i fransiskanarordenen.

Julaftan et han middag saman med brørne sine, men så trekker han seg tilbake «for å vake og vente på mirakelet som skal skje».

– Etter den tradisjonelle julemiddagen er det ikkje så mykje som skjer i eit kloster fram til midnattsmessa, og om ein ikkje er opptatt med praktiske førebuingar, kan det vere godt å sette av tid til å vere åleine i kapellet. Eg trur det ligg eit fundamentalt behov i oss menneske til å trekke seg tilbake, og i dag er det kanskje forkledd under andre namn – som «åleinetid» og «pusterom i kvardagen».

Han legg til:

– Å vere åleine, eller tilbaketrekking, er i eit kristent perspektiv eigentleg aldri å vere heilt åleine, tvert om eigentleg. Det er å søke fellesskap med Gud.

Hallvard (Thomas) Hole

OGSÅ ÅND: – Hovudproblemet i dag er kanskje at så få trur at menneske er åndelege vesen, seier Hallvard Thomas Hole, som er munk i fransiskanarordenen.

Foto: Anne Wirsching / NRK

– Reflekterer mykje betre

– Eg likar å vere åleine. Då rekk eg å reflektere mykje betre, seier Harald Aanes.

Høgtid for han er å vere åleine med saueribbe, musikk på radioen (aldri TV) og eit julebad på ein husmannsplass i Maridalen utanfor Oslo.

I år gjer han likevel eit unntak – for kjærasten.

– Eg er ikkje firkanta. Det er ikkje slik at eg feire åleine, seier Aanes.