Hopp til innhold

Maja og Laila er dei første norske jordbærplukkarane her på ti år

For første gong på mange år har bønder tatt i bruk norsk arbeidskraft i jordbærsesongen. For 16-åringane Maja og Laila blei det redninga når det blei vanskeleg å skaffe seg anna sommarjobb.

Maja Felde Ravnestad og Laila Bjørnarheim i jordbæråkeren i Gloppen.

KJEKT I ÅKEREN: Maja Felde Ravnestad og Laila Bjørnarheim plukkar jordbær på Byrkjelo i Nordfjord.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det er veldig få plassar det er lett å få seg jobb no og nesten ingen som treng ekstrahjelp. Eg hadde i alle fall lyst, seier Laila Bjørnarheim til NRK.

Saman med venninna Maja Felde Ravnestad har dei inntatt åkeren til Kjell Myklebust på Byrkjelo i Nordfjord.

– Eg synest det er kjekt. Det blir slitsamt, men vi kan prate medan vi plukkar og då går det greitt, seier Maja.

Lenge sidan sist

Tradisjonelt har det nesten berre vore utlendingar som har vore viljuge til å ta på seg jobben med å plukke norske jordbær, og dei er framleis i stort fleirtal.

Men med all usikkerheita i vinter rundt innreise til Noreg, tok fleire bønder sjansen på å sleppe til norske ungdomar.

– Dei viste seg å vere veldig pliktoppfyllande og flinke. Det er første gong på ti år eg har norske plukkarar, seier jordbærbonde Kjell Myklebust.

15 mil lenger aust i Sogn og Fjordane driv Magne Forberg med jordbærdyrking i nye og moderne tunnelar.

Då koronaen kom til landet, var han veldig i tvil om korleis han skulle klare å løyse utfordringane med arbeidskraft.

Jordbærplukkarar i Aurland

LOKALE UNGDOMAR: Asbjørn Ryum Marsh, Alexander Stigen Hjønnevåg, Linn Grønsberg og Marah Bisher Aldanashi har fått jobb som plukkarar på garden til Magne Forberg i Aurland.

Foto: Magne Forberg

Har gode erfaringar

I staden for å satse på at grensene kom til å bli opna for EØS-borgarar, inviterte han like godt til eit møte heime på garden via Facebook. Det dukka opp over tjue nysgjerrige ungdomar.

– No har eg fire ungdomar i jobb som då tek innhaustingsjobben for meg, fortel Forberg.

Erfaringane Myklebust og Forberg har gjort dei siste vekene er i alle fall positive

– Erfaringa så langt er at dei meistrar det godt. Dei er nøye, dei følgjer dei spelereglane vi har lagt i botnen. Ikkje minst at dei er varsame når dei plukkar bæra og ikkje knekker bærstilken. Det er heilt avgjerande for resten av avlinga, seier Forberg.

– Veldig nøgd

Spørsmålet blir då om norske bønder vil tilsetje fleire norske bærplukkarar dei komande åra. Fleire bør ta sjansen, meiner bærbonden i Aurland.

– Det går mest på at vi faktisk torer å ta sjansen. Eg har valt å gjere det og eg har lyst å halde fram. Sjølvsagt om det er mogleg å få ungdom dei komande åra. Det er eg ikkje så heilt sikker på.

På Byrkjelo dyrkar Kjell Myklebust jordbær både i tunnelar og ute på friland. Han skryt godt av dei to jentene han har tilsett.

– Eg er veldig nøgd. På kort tid har dei blitt like flinke som dei utanlandske plukkarane. Alt handlar eigentleg om vilje og lyst. Dei gjer ein kjempegod jobb.

Jordbærtunnelane til Magne Forberg i Aurland.

AURLAND: Mange bønder dyrkar no jordbær i tunnelar, der plantene er løfta opp frå bakken og står på lange bord. Det gjer bæra enklare å plukke og kvaliteten blir jamnare.

Foto: Magne Forberg