Debuterte på G18-landslaget

Gustav Valsvik fekk spele den siste halvtimen, då Norge tysdag tapte 0-2 i EM-kvaliken mot Estland.

Gustav Valsvik

DEBUTERTE: Gustav Valsvik står med fleire landskampar for Norge på lågare nivå - no har han også debutert for G18-landslaget.

Foto: Rune Fossum / NRK

Valsvik kom på bana med ein halv times spel, og fekk dermed spele i spann med Sogndal-kollega Eivind Daniel Røed i midtforsvaret for Norge.

Tre frå Sogndal på bana samstundes

Det var 17-åringen sin første kamp for G18-landslaget, etter at han nyleg vart teke ut på landslaget for første gong.

Sogndal var dessutan godt representert i EM-kvalifiseringa. I tillegg til Røed og Valsvik, fekk Ørjan Hopen spele nokre minutt på tampen av oppgjeret.

- Vi burde levert betre

Etter kampen var det norske landslaget skuffa over resultatet.

- Vi leverte ein ujamn kamp, og vi er veldig skuffa over at vi ikkje fekk ut potensialet dette laget har. Vi burde levert ein meir stabil prestasjon, seier trenar Bård Flovik til fotball.no.

Norge spelar torsdag neste kamp i kvalifiseringa mot Liechtenstein.