Sogndal sjanselause mot meir effektive Odd

SOGNDAL (nrk.no): Christophe Psyché kom inn i andre omgang og etter 75 minutt sørga han for utlikninga for Sogndal mot Odd. Men lite hjalp det når Odd fekk to svært enkle mål på slutten av kampen, og vann 1-3.

Jone Samuelsen

RETT I KRYSSET: Jone Samuelsen sørga for at Odd leia 0-1 til pause på Fosshaugane.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Rett før pause var Mathias Dyngeland var sjanselaus då Odd-klippa Jone Samuelsen fekk fulltreff og sette ballen i hjørnet rett før pause.

I 2. omgang var det debutanten Christophe Psyché som klarte å utlikne for Sogndal etter 75. minutt. Ein sterk debut av franskmannen, som fyller 26 år måndag.

Men lite hjalp det når først Fredrik Nordkvelle sørga for 1-2 til Odd, og deretter Håvard Storbæk som punkterte kampen rett før full tid.

Johnsen og Utvik

KNALLHARDT: Bjørn Inge Utvik i hovudduell mot superveteran Frode Johnsen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix