Breidablik har hausta massiv kritikk etter å ha lenka til den nasjonalistiske organisasjonen Britain First. Biletet viste den døde syriske treåringen Alan Kurdi i sjøkanten i Hellas, påstanden i lenka var at guten drukna fordi faren ville ha nye tenner.
. Politisk journalist i Firda, Helge Johnsen, meinte Breidablik hadde trakka over eit grense når det gjeld anstendigheit.
– Eg føler ikkje at eg har kryssa noko grensa, sjølv om eg forstår noko har oppfatta det slik, seier Breidablik, når han møter Johnsen til debatt i dagsendinga til NRK Sogn og Fjordane.
Breidablik forklarte då lenkinga som ei mistyding som hadde skjedd med han var på reise i USA, og at han seinare har prøvd å fjerne den.
Helge Johnsen på si side sa han ganske tidleg hadde tatt kontakt med Breidblikk på Facebook.
– Då var det ikkje snakk om at det var noko mistyding, tvert i mot var Breidablik forferda over kva haldningar eg hadde til folk som ikkje tenker politisk korrekt, seier Johnsen.