Hopp til innhold

Debatt: Korleis skal ein redde den offentlege debatten?

Kven bør avgjere kva som er greitt og kva som er over streken? Og korleis påverkar debattklimaet rekruttering og deltaking i offentlege debattar?

Reite i ringen unde Hele Norge snakker

OPPTAK AV DEBATTEN: Spol deg litt fram, og du kan sjå opptak av debatten i Førdehuset her.

Dette er nokre av spørsmåla Hans Jakob Reite søkjer å finne svar på når han samlar politikarar og medietoppar i fylket til direktesendt debatt på Førde bibliotek.

Hans Jakob Reite

LEIAR: Hans Jakob Reite leiar debattarenaen «Reite i ringen», eit initiativ frå biblioteket. Denne helga blir det ein vri på debatten med fem deltakarar i panelet.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Mellom spørsmåla er også utfordringar i dagens mediebilete.

– Eg ventar kritiske og skarpe spørsmål, også til vår rolle i media rundt dette, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Offentleg samtale

Han er ein av fem paneldeltakarar som deltek i debatten, der også publikum får kome til orde. Debatten er i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane - «Heile Noreg snakkar», som blir arrangert på Førdehuset mellom klokka 12 og 15 same dag.

Sjølve debatten er frå klokka 13 til 1445 og blir streama på nettet. Du kan sjå den i opptak øvst i denne saka.

«Heile Noreg snakkar» er eit samarbeid mellom Morgenbladet, Fagbladet, Dagens Næringsliv og NRK, som ynskjer å ta ansvar for den offentlege samtalen.

Meininga er ikkje at folk skal bli samde, men at ein skal ha ein diskusjon med ein meiningsmotstander i ei form som skapar forståing og toleranse.

– Vi trur at dersom folk kjem saman og snakkar med kvarandre, sjølv om dei er rykande usamde, så er det viktig for samfunnet vårt, seier Gilleshammer.

Testa ut i Tyskland

Distriktsredaktør Terje Gilleshammer gler seg til årets ryddedugnad

BUDD: Distriktsredaktør Terje Gilleshammer er budd på fleire kritiske spørsmål mot media si rolle i det offentlege ordskiftet.

Foto: NRK

Målet med «Heile Noreg snakkar» er nettopp å legge til rette for konstruktive samtalar mellom vanlege menneske. Det vart utvikla og prøvd i Tyskland av avisa Die Zeit.

Dei som ynskte å delta, svara på sju spørsmål medan eit dataprogram kopla saman personar som var usamde og som bur i nærleiken av kvarandre.

Det norske konseptet har lagt seg på same lest. Fleire deltakarar er inviterte til Førde.

– Vi er spente på korleis det fungerer i Sogn og Fjordane, der det bur mindre folk og avstandane er større. Uansett er det kjekt å prøve og sjå om nokon dukkar opp, seier Gilleshammer.