Hopp til innhold

Wathne lei av kjendis-kåte journalistar

Altfor mange blir journalistar berre for å oppnå kjendisstatus. Sjølvdyrkinga støyter bort dei som verkeleg burde bli journalistar, seier ein av Norges mest profilerte tv-kjendisar.

Davy Wathne

RETT INN I STOVA: Det er slik vi er vande med å sjå Davy Wathne. – Det har aldri vore eit mål for meg å bli kjend, det er ein bieffekt av jobben, seier TV 2-profilen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Davy Wathne

LEI SJØLVDYRKINGA: Journalistikken i Norge er i ferd med å bli skjemd av unge som først og fremst sjølv vil bli kjende, åtvarar Davy Wathne i TV 2.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK
Davy Wathne og Sverre Brandhaug - Liverpool Legends mot RBK-veteraner

STARTEN: Karrieren som fotballdommar førte Davy Wathne i ung alder i kontakt med sportsmiljøet i Bergens Tidende. Der byrja han med å redigere fotballtabellar og skrive kampreferat. Her dømmer Wathne ein old boys-kamp mellom Liverpool- og RBK-veteranarar.

Foto: Gunn Nyborg
Erik Bye under Morten Krogvolds portrett av han

FØREBILETE:–Erik Bye var eit døme på ein journalist som var genuint interessert i folk, seier Davy Wathne som saknar denne eigenskapen hos dagens journalistar.

Foto: Roald Berit / SCANPIX

– Dessverre, og det åtvarar eg mot når eg held føredrag for studentar. Det å bli kjend er ein besettelse for dagens unge. Dei er villige til å reise til Paradise Hotel. Dei gjer kva som helst for å bli kjende, og ein veg til kjendisstatus er journalistikken, seier Davy Wathne.

Kjendisjagande unge gjer at vi går glipp av journalistiske talent på journalistutdanningane, fryktar TV 2 Sporten sitt anker.

  • Høyr kva Davy Wathne seier om Brann, Coca Cola og barndommen nederst i artikkelen

Kjendisar på tomgang

– Dei støyter frå seg menneske som burde vore der, sa Wathne som la lite imellom då han fredag morgon var gjesteprogramleiar på NRK Hordaland si morgonsending i P1.

I møte med NRK-lyttarane fortalde den USA-fødde journalisten både om oppveksten, sitt forhold til Brann og tanken på ein gong å skulle bli pensjonist. Men det han fryktar mest av alt, er framtida til journalistikken.

– Ein journalist skal berre vere nysgjerrig. Han skal vere observant, ønske å fortelje historier, og finne fram til dei som har noko viktig å fortelje. Det blir du ikkje av å sirkle rundt med «eg intervjuar deg, og du intervjuar meg, så blir eg gjest i ditt program» osb. Det er ei usunn innkapsling i sjølvopptattheit, fnyser 63-åringen.

Førebiletet Erik Bye

TV 2-ankeret nyttar den gamle NRK-profilen Erik Bye som eksempel på den motsette sorten.

– Han var genuint og glødande oppteken av menneske. Om det var ei indianarkvinne i Nord-Amerika, uansett kven han møtte, så var han nysgjerrig. Han ønskte å lære noko om andre menneske sitt liv og virke.

I dag, meiner Wathne, er mange journalistar drivne av noko heilt anna.

– Kva er til dømes Pia Haraldsen kjent for? Eit ønske om å bli kjent, og så figurerer ho i alle slags program. Det er så lettvint og greitt inni Oslo å ta dei som ein har for handa og som vil på lufta. I staden for å oppsøkje interessante og spennande menneske med viktige ting å fortelje. Det gjorde Erik Bye. Det gjer dessverre ikkje så altfor mange av dagens journalistar.

Skulle bli lærar

Davy Wathne har sjølv vore – og er – eit av TV 2 sine mest kjende ansikt utad, sidan oppstarten av kanalen i 1992. Men å bli kjendis har aldri vore ein motivasjonsfaktor, seier sportsveteranen som kom til tv-mediet frå Bergens Tidende.

– For meg er kjendisstatusen ein bieffekt. Det var aldri motivasjonen. Eg byrja i Bergens Tidende og skreiv «D. W.» i referata frå Nymark–Årstad og Nordnes–Varegg. Då kan du ikkje skulde meg for å ha søkt Bergens Tidende for å bli kjend sjølv. Tvert imot.

Wathne skulle etter planen bli lærar, ikkje journalist.

– Eg bestemte meg aldri for å bli journalist. Det var meir at journalistikken valde meg, enn at eg valde den. Eg er noko så rart som ein gutunge som elska å gå på skulen, og eg bestemte meg tidleg for å bli lærar. Eg ville vere i skulen.

Minnest ein annan etikk og journalistikk

Men då han var ferdig med gymnaset tok han dommarkurs. Via fotballen fekk han sin første kontakt med media. Ein bransje Wathne i dag knapt kjenner att.

– Gjennom dømminga kom eg inn i Bergens Tidende, fordi sportsjournalistar der også var dommarar. Det var slik journalistane vart rekrutterte den gongen. Det var ikkje journalistutdanning slik det er i dag. Journalistane i BT var der i kraft av eit engasjement, ei interesse, ein lidenskap for eitt eller anna.

Wathne starta sin journalistiske karriere med å rekne tabellar for engelsk 3. og 4. divisjon for avisa. Det var alt anna enn eit kjendistilvere.

– I Bergens Tidende lærte eg å bli journalist av fenomenale rollemodellar. Fantastiske menneske både når det gjaldt presseetikken journalistisk teft, og ikkje minst språk. Dette var menneske som begynte der fordi dei elska faget, ikkje for å bli kjendisar. Ikkje for å bli dyrka av omgjevnaden, eller digga for fordi dei hadde namnet sitt eller trynet sitt i avisa. Alle hadde signaturar.

Vart likevel kjendis

Etter kvart som han byrja å skrive om Sportsklubben Brann, blei Wathne likevel ein kjent medieperson i Bergen, i god tid før han kom på skjermen for TV 2. Det hjelpte heller ikkje særleg at han i avisspaltene i 1988 inngjekk veddemål om å gå til Ullevaal stadion, dersom Brann kom til cupfinalen slik dei hadde gjort året før. Det vart ein lang tur, med mykje merksemd.

– Det var nok det som førte meg inn i TV 2. Dei trengde eit bergensk alibi. Eg trur ikkje det var på grunn av mine journalistiske kvalitetar, og definitivt ikkje fordi eg kunne noko om fjernsyn.

Men no er det nettopp å komme på tv som er målet for mange, hevdar TV 2-kjendisen.

– Av å vere sjølvopptekne, ei navleskuing og ei sjølvdyrking som er skadeleg for faget. Den er øydeleggjande. Viss ein ser på kven vi intervjuar og kven vi «deggar» med i media i dag, så er det ei rekkje uinteressante menneske. Dei er opptekne av ein ting: Å bli kjende.