Hopp til innhold

Bråk om habilitet etter at Beckham fekk fiskeløyve

Millioninntekter og ein mogleg lissepasning til David Beckham er blant ingrediensane når staten skal vurdere habiliteten til Liv Signe Navarsete.

David Beckham fiskar på Navarsetes nåde – nå blir habiliteten hennar sjekka

LÆRDAL: Det er bråk om ein «fishy» avtale etter at David Beckham fekk fiske i Lærdalselva

Foto: Odd Helge Brugrand

Statsforvaltaren i Rogaland skal undersøke habiliteten til Liv Signe Navarsete etter at ho i rolla som Statsforvaltar køyrde over eiga fagavdeling og gjorde om eit vedtak om fiskeforbod i Lærdalselva.

Det annullerte vedtaket gjorde at David Beckham likevel fekk fiske i Lærdalelva denne veka, der ektemannen til Navarsete er blant elveeigarane.

Bilde av fotballkjendisen med fiskestong har gått verda rundt, sjølv om lokalbefolkninga har brydd seg mindre.

Lus og få fisk gjer at det i utgangspunktet er forbode å fiske etter laks i det som er kongen si favorittelv.

Til Bergens Tidende forklarer Navarsete at det opphavlege vedtaket bygde på «ein uferdig forskingsrapport» om stamfiske (sjå faktaboks).

Nemnde rapport svekker grunngivinga for stamfiske, der laksen blir mjølka og stroken for rogn og slik «får hjelp» til å formere seg – på land.

Rapporten indikerer at denne «landyngelen» ikkje kan måle seg med den som blir unnfanga på naturleg vis – i elvane.

Ingen elveeigar får fem øre av donasjonane

Til NRK legg Navarsete til at stamfiske i Lærdalselva var eit av krava da Østfold Energi fekk løyve til å bygge eit kraftverk i elva.

Desse to momenta var bakgrunn for omgjeringa av vedtaket, seier ho.

Ho avviser spekulasjonane om at sal av «stamfisk-kvotar» er økonomisk lønnsamt eller på anna vis kjem mannen eller dei andre elveeigarane til gode.

Ingen elveeigar får fem øre av donasjonane som er gitt. Kvar krone går inn i stiftinga som nyttar midlane til tiltak i elva, seier ho.

Ho legg til:

Det ville vore kjekt om NRK held seg til fakta, heller enn å lage ein story med overskrifter som sikkert gir klikk, men som er fri fantasi.

Pi5agpPuVM8

– Eg visste sjølvsagt ikkje kven som skulle fiske, det las eg i media for eit par dagar sidan, seier Liv Signe Navarsete til NRK. Mannen hennar er varamedlem til styret i Stiftinga for bevaring av Lærdalslaksen.

Foto: NTB

Vil koste 1,4 millionar kroner i tapte donasjonar

Det opphavlege vedtaket (31. mai) om å avlyse årets stamfiske kom tre veker før fisketuren til Beckham, og kom bardus på Lærdal Elveigarlag.

I ei klage på vedtaket (datert 5. juni) skriv elveeigarane at avslaget vil koste 1,4 millionar kroner i tapte donasjonar til stiftinga Redd Villaksen.

Millioninntektene vil komme frå det dei karakteriserer som «velbeslåtte lakseentusiastar».

Desse har moglegheit og vilje til å tilby donasjonar langt utover det som vil reknast som verdien av å delta i stamfisket, heiter det vidare.

Tre dagar seinare (8. juni) svarte Statsforvaltaren med å gjere om vedtaket.

Internt hos Statsforvaltaren var det fleire som stussa over snuoperasjonen, og 14. juni tok assisterande statsforvaltar Gunnar Ove Hæreid kontakt med regjeringa.

I eit brev til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet bad han om at regjeringa peikar ut ein settestatsforvaltar til å vurdere saka på ny.

Departementet svarte med å sende saka til Statsforvaltaren i Rogaland, som blir leidd av tidlegare helseminister Bent Høie.

NRK har sendt spørsmål til Høie om kor lang tid han vil bruke på vurderinga, men har så langt ikkje fått svar.

Bråk om «fishy» avtale etter at Beckham fekk fiske i Lærdalselva

David Beckham fekk fiske i Lærdal etter at Navarsete annullerte eit vedtak. No blir habiliteten hennar sjekka. Bilete frå ein annan tur.

Foto: Skjermdump/Instagram

Eg visste sjølvsagt ikkje kven som skulle fiske

Til Dagens Næringsliv uttaler ekspertar på forvaltningsrett at «elvesaka» er eigna til å svekke tilliten til statsforvaltaren.

Professor ved Institutt for offentleg rett, Eivind Smith, karakteriserer det som «underleg» at Navarsete ikkje sjølv bad om ein settestatsforvaltar, men overlét jobben til assistenten.

Til NRK avviser Liv Signe Navarsete kategorisk at ho har gjort noko gale eller gjeve ein lissepasning til David Beckham.

Eg visste sjølvsagt ikkje kven som skulle fiske, seier ho.

Det las eg i media for eit par dagar sidan.

Eivind Smith er professor i rettsvitenskap ved Universitetet i Oslo. Han er en av nestorene i norsk offentlig rett. Her er han avbildet i hjemmet sitt i Oslo.
Eskil Wie Furunes

Eivind Smith, ekspert på forvaltningsrett

– Alt i alt er det god grunn til å få habilitetsspørsmålet vurdert. Men at elveeigarlaget er ei stifting reduserer den økonomiske koplinga mellom ektefellen (og eventuelt statsforvaltaren) og den økonomiske verdien av løyvet.

Sigrid Stokstad
Ann Kristin Lindaas

Sigrid Stokstad, ekspert på forvaltningsrett

- Eg synest det verkar fornuftig at Navarsetes habilitet blir vurdert i denne saka gitt at ektefellen er grunneigar i elva.

Jan Fridthjof Bernt
Åge Algerøy

Jan Fridthjof Bernt, ekspert på forvaltningsrett

- Eg synest det ser ut som statsforvaltaren kan vere inhabil her, men her er det klart nok rommeleg plass for tvil. 

Jan Fougner
NTB

Jan Fougner, ekspert på forvaltningsrett

- Offisielt har eg inga meining om denne saka.

Kong Harald får laks i Lærdal

Her får Hans Majestet Kongen laks i si favorittelv – Lærdalselva i Sogn.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK