Hopp til innhold

– Det er nok ikkje dette ein har lyst å vise fram

Høg vassføring gjer at mange hjortar forsvinn nedover vassdraga. Mange av dei skyl inn på land, til sjenanse for turistar og tilfeldig forbipasserande.

To daude hjortebukkar ved Reinungavatnet.

SKYLDT PÅ LAND: To av mange hjortar som har blitt teken av elva, og som no vert skylt inn på land i nærleiken av Flåmsvassdraget.

Foto: Knut Fredrik Øi

– Det er klart det er jo litt makabert, men det er no naturens gang, seier Knut Fredrik Øi i viltforvaltninga i Aurland kommune i Vestland.

Dei siste vekene har det blitt meldt inn eit titalstilfelle av daude hjortar i nærleiken av og i den turistvennlege Aurlandsfjorden, der Flåm ligg innerst. Mykje av grunnen skuldast svært høg vassføring i Flåmsvassdraget, som dreg med seg hjorten nedover.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Med mykje nedbør i vente, og flaumvarsel på gult farenivå for Vestland, kan det bli hektisk i tida som kjem, trur Øi.

– Det er mykje no, men eg forventar at det kjem endå fleire.

Øi dreg hjorten ut av elva

TRAVEL: Ein av mange daude hjortar Knut Fredrik Øi må ta seg av om dagen. Den høge vass-standen gjer at ekstra mange hjortar no ryk med i elveløpet.

Foto: PRIVAT

Ubehageleg

Blant dei som har fått seg ei ubehageleg oppleving er Audun Lyshagen og kona, då dei var på hytta ved Reinungavatnet for nokre dagar sidan.

– Først kom den eine drivande berre nokre hundre meter frå hytta, og så plutseleg var det ein like ved, seier han.

Lyshagen, som er ein rutinert jeger, seier han har sett liknande før.

– Dette var ikkje det verste eg har sett. Men det var nok litt annleis for min frue, som var like ved. Ho syntest ikkje det var ei kjekk oppleving, kan du seie.

Testing for sjukdommar

TESTING: Audun Lyshagen gav beskjed til Øi, slik at han kunne komme og teste dyra for skrantesjuke. – Det er svært viktig at folk seier ifrå, seier Øi.

Foto: PRIVAT

Flaut inn på badestrand

For dei som ikkje ender opp i Reinungavatnet, blir dei med vassdraget vidare. Nokre går heilt ned i fjorden der dei kan verte observert av turistar eller forbipasserande.

– Vi hadde ein som dreiv heilt inn i badelagunen i Aurland. Og så har me jo fjordsafarien i Flåm som køyrer båt med turistar. Der vert mange observasjonar meldt inn også, seier Øi.

Han forstår at synet kan stå fram noko makabert for turistar som kjem til området.

– Nei det er nok ikkje dette ein har lyst å vise fram. Men slik er det, seier han.

Daude hjortar i fjorden

UBEHAGELEG: Øi har forståing for at eit slikt syn ikkje er noko for alle.

Foto: Knut Fredrik Øi

Må skjerme barn

Blant dei som tilbyr sightseeing for turistar på fjorden i Flåm, er Per Lund Hansen i Fjordsafari. Han har måtte rapportere fleire funn inn til Øi, den siste tida. Hansen fortel at mange turistar vert nysgjerrige på kva som har skjedd når dei ser hjortane i vatnet.

– Eg prøver å sjå hjortane først, og om eg gjer det så forsøker eg å forklare at dette er naturens gang, seier han.

Men naturens gang eller ei, Hansen ser helst at born skal sleppe å sjå hjortekadavera som ligg i vatnet, om mogleg.

– Det er klart at dersom det er små barn så prøver eg å skåne dei for det, seier han.

Eit godt signal

Sjølv om synet kan verke avskrekkande for nokon, så er Øi klar på at det først og fremst er gode nyheiter at så mange hjortar ender opp som dei gjer.

– Når eg registrerer så mykje døde dyr utan at dei er spist opp så tenkjer eg at det er mykje mat for andre delar av økosystemet så det er jo flott, seier han.

Hjort i Flåm, Aurland

VED TURISTMÅL: Ein av mange hjortar som er funne i nærleiken av brygga på Flåm, der det er venta eit hav av norske turistar i sommar.

Foto: privat