Hopp til innhold

Datatilsynet: – Ser ut som brot på personopplysingslova

– Det er mykje vi framleis ikkje veit, men når det berre i Bergen er 21 meldingar som er borte, er dette ei ekstremt alvorleg og stor sak, seier kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl i Datatilsynet. Ho seier dei følgjer opp saka og at ho har prioritet hjå dei, men at ho ikkje kan seie noko om det er aktuelt å føra tilsyn med Visma på noverande tidspunkt.

– Kan det vere snakk om lovbrot?

– Det kan sjå ut som det har skjedd eit brot på personopplysningslova her. Dette jobbar vi med, og saka har prioritet hos oss.