Hopp til innhold

DAT vil fly i Flora, men ikkje utan støtte

Danish Air Transport er klare for å ta opp konkurransen med Widerøe i Flora. Men ikkje utan at næringslivet forpliktar seg.

Florø lufthamn

NÆR Å LANDE DAT: Ved Florø lufthamn kan DAT vere klare att for å fly, dersom næringslivet stiller opp.

Foto: Birger Meland / NRK

– No nærmar det seg ei avklaring. Det er i detaljane faenskapen ligg. Og det er dei detaljane vi held på med no. Direktøren i DAT har orientert oss om kva som må til for at DAT skal opp og gå, seier Bjørn Hollevik som er leiar i Flora Industri- og Næringsforening.

Under eit møte i Flora Industri- og Næringsforening torsdag vart DAT, Danish Air Transport, presentert som aktuell flyaktør i Flora.

– Det selskapet vi stod att med å diskutere dette nærmare med vart eit selskap vi har erfaringar med tidlegare, DAT.

Har vore i Flora før

Selskapet har flydd frå Flora frå 2009 til 2012, og hadde einerett på å fly Florø - Oslo - Florø - Bergen. Dei vann då anbodskonkurransen mot Widerø. I dag er det Widerøe som flyr frå Florø etter at rutetilbodet til kystbyen vart kommersialisert 1. april.

– Det er ikkje ein ønskesituasjon for Industriforeninga i Sogn og Fjordane. Vi har alltid meint at det var for dårleg reisegrunnlag, seier Hollevik.

For at DAT skal ha ei levedyktig framtid i Flora, må næringlivet stille opp.

– Det heile står og fell på at næringslivet er med. Dei må ha ein rutetabell som er tilbassa behovet til næringslivet her og ikkje minst vi skal ha eit prisnivå med maksprisar som er langt lågare enn vi ser i dag.

Treng garantiar frå næringslivet

Industriforeniga jobbar med å få på plass avtaler mellom næringslivet og DAT. Det vil dei halde fram med.

– I morgon har selskapet invitert selskap i Flora til å komme for å sjekke korleis dei vil forplikte seg. Vi er avhengige av eit forpliktande nivå ellers vil ikkje tilbudet med eit nytt selskap vare.

– Så dersom ikkje næringslivet stiller opp blir det ikkje noko av?

– Nei. Då blir det slik som i dag, seier Hollevik.