Hopp til innhold

Det dårleg vêret øydelegg for sommarskisenteret

Dårleg ver, kombinert med elendig sikt store delar av sommaren, har ført til lite besøk på Strynefjellet Sommarski. Sommarskisenteret har historisk slite med dårleg økonomi og fleire konkursar.

Stryn Sommarski

LITE BESØK: Dårleg vær har ført til labert besøk på Strynefjellet Sommarskisenter.

Foto: Emil Eriksson/Stryn Sommarski

Sommarskisenteret på Strynefjellet slit atter ein gong med lite besøk.

Årsaka er enkel: Vêret både i mai og juni og no på høgsommaren har mildt sagt vore dårleg. Kombinert med tåke og elendig sikt gjer at skisenteret fleire periodar i sommar har vore stengd.

I tillegg vart opninga utsett ei veke til 29. mai fordi vegen opp til skisenteret ikkje var brøytt.

– Det er godt med snø i anlegget og forholda er supre når været er bra. Men vi har vore veldig uheldige med været i år, noko som sjølvsagt har gått ut over besøkstala, seier Idar Aaboen som er eigar og dagleg leiar ved sommarskisenteret.

Treng tidleg opning

Han fortel at det var spesielt uheldig at opninga måtte utsetjast ei veke.

– Det var veldig mange skifolk på plass i området til den planlagde opningshelga. Det var difor svært uheldig at oppstarten måtte utsetjast ei veke. Det er avgjerande for skisenteret sin framtidige eksistens at vi får opna så tidleg som vi ønskjer, seier Aaboen.

Han er i dialog med Statens vegvesen om tidlegare brøyting neste år.

Må snart stenge for sommaren

Redusert storleik på snøbreen i heisområdet gjer at skisenteret ikkje kan halde oppe lenger enn til 19. juli.

– Vi håper på godt ver og mykje besøk dei siste vekene, seier Aaboen.

– Blir det stort underskot i år?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

– Er det fare for konkurs?

– Nei, på ingen måte. Det vil bli drift også neste sommar, seier Aaboen.

Stryn Sommarski

FEKK OPNINGA UTSETT: Sein brøyting og utsett opning er øydeleggjande for sommarskisenteret, meiner dagleg leiar Idar Aaboen.

Foto: Idar Aaboen

Eig skisenteret åleine

45-åringen frå Skjåk kjøpte sommarskisenteret etter at det gjekk konkurs i fjor. Han har sjølv alle aksjane i selskapet.

Den samla gjelda var på 2,8 millionar kroner etter konkursen i fjor. Hovudaksjonærane Moods of Norway, Nordfjord Kjøtt og Stryn kommune tapte pengar. Også tidlegare eigarar og drivarar har hatt store problem med å få sommarskisenteret til å gå i pluss.