Hopp til innhold

Dårleg val, men nesten like mange ordførarar

Høgre gjorde ikkje noko brakval i Sogn og Fjordane. Likevel kapra dei nesten like mange ordførarar som sist.

Ståande applaus frå Sogn og Fjordane Høgre på landsmøtet

APPLAUS: Sogn og Fjordane Høgre gjekk tilbake ved årets kommuneval. Likevel sikra dei seg seks ordførarar – ein mindre enn ved førre val.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Partiet gjekk tilbake med over fire prosentpoeng ved kommunevalet i Sogn og Fjordane. Likevel kapra dei berre ein ordførar mindre enn ved førre val.

Fylkesleiar Arve Mjømen trur det årsaka er godt likte høgrekandidatar.

– Dei er funne verdige til å vere ordførarar. Andre vart ordførarar i kraft av røystene, som til dømes i Askvoll, Aurland og Stryn, seier Mjømen.

Avtalebrot

Audun Åge Røys vart partiet sin siste ordførar, då han i går fekk ordførarklubba i Bremanger i hendene. I tillegg har Høgre ordførarane i Førde, Hornindal og Gaular.

I fleire kommunar har forhandlingane vore kontroversielle. Og både i Selje og Bremanger hagla skuldingane om avtalebrot.

– Bremanger har eg forstått at dette er ganske greitt. Ap har på nytt prøvd å lage uorden i rekkjene og soleis gjekk resultatet som det gjorde, seier Mjømen.

– Så det er ikkje Høgre som knuffar seg veg, har spisse olbogar og bryt avtalane?

– Slik eg har lese dei meldingane og pressemeldingar som ligg, så stemmer ikkje det.