Kåseri av Sondre Dalaker
Journalist i NRK.no
Den 10. februar vart det arrangert krinsmeisterskap i Stryn. 25 personar var påmelde i hopp- og kombinertrennet for å kjempa om heider i ære i fylkesanlegget i hopp. Frå Kaupanger reiste me mannsterke, tre personar og ein trenar, med det målet å tapetsera pallen med Kaupingar i både hopp og kombinert.
På veggen heime hjå meg heng tre krinsmeistermedaljar. I tidsrommet 2006 til 2008 vart eg krinsmeister i kombinert, alle tre åra.
Ein storslegen prestasjon, tenkjer du kanskje? ”Krinsmeister tre år på rad? Han må då vera eit talent av dei sjeldne!” Tja, er det beste eg kan seia til det. Ja, eg er krinsmeister, det kan ingen ta frå meg – og medaljane heng på den finaste plassen i stova – men eg føler eg må nemne at eg stilte åleine i klassen. I hopp hadde eg ”dessverre” ein konkurrent, so der enda eg stort sett på andreplass.
(Artikkelen held fram under biletet)
Dalande interesse
Interessa for hopp- og kombinertsporten her i fylket er dalande. – Det trengst plastbakkar, rekrutteringsanlegg og ein omreisande minihoppbakke, er oppskrifta frå krinsen for å få opp at interessa. I fjor vart det bestemt at ein satsar på å legga plast i to av hoppbakkane i Stryn (då kan ein hoppe om sommaren også).
- LES OGSÅ:
Men kor mange som kjem til å bruka dei bakkane er eit anna spørsmål ...
I 2007 var det 31 påmelde i krinsmeisterskapen i hopp som gjekk av stabelen i Kleivabakken i Førde. Ikkje det heilt store talet det heller, men det var då litt fleire enn no i helga. Men slik er interessa og utviklinga for sporten her i fylket: dalande for både for hopp og kombinert.
I Førde enda eg på plassen bak vinnaren, også kjend som andreplass i dei fleste konkurransar. Ikkje noko unntak her, eigentleg, men ein kan også kalla det sisteplass.
Rekruttering?
Dei gamle er eldst. I hopp- og kombinertsporten i Sogn og Fjordane stemmer det langt på veg. Fire av dei seks som hoppa i 70-metersbakken denne meisterskapen, var i veteranklassen, dei to andre var i seniorklassen. Av dei tre som hoppa i 40-metersbakken, var ein veteran, ein senior og ein 16-åring. Det var ingen som hoppa i 25-metersbakken og dei som hoppa i dei mindre bakkane, var stort sett frå 12 år og nedover.
(Artikkelen held fram under biletet)
Den eldste var forresten Per Birger Lomheim. Han feirar sin 71. bursdag dette året.
Dei tre i seniorklassa var meg, Henning og Arve Sæthre, alle siste rest av det ein gong gode hoppmiljøet på Kaupanger. Ingen av oss har hoppa konkurranse på i alle fall fire år, eg og Henning har trent fire gonger denne sesongen, Arve ikkje det ein gong. Som du skjønar: me satsa knallhardt på denne meisterskapen.
Og då med kom til Stryn fann me ut at me eigentleg hadde nådd målet vårt allereie. Me var dei tre einaste i klassa vår, dermed var me sikra pallen uansett.
Utan oss tre frå Kaupanger og dei fire veteranane frå Hafslo IL, hadde det vore éin deltakar som ikkje stilte i aldersbestemte klassar (og han var faktisk frå Møre og Romsdal).
Hadde i tillegg Jonas Holen frå Vik ikkje teke turen til Nordfjord, hadde den eldste deltakaren i krinsmeisterskapen vore 13 år.
Eg enda på min vande plassering i hoppinga – andreplass – medan eg måtte ta til takke med ein uvand andreplass også i kombinertrennet. Eg går for pallen også neste år, med mindre det faktisk blir fleire konkurrentar, sjølvsagt. Då må eg faktisk trene for å ha moglegheit til å koma på pallen.