Hopp til innhold

Dårleg feriestart for Sør-Noreg – ber folk halde seg unna bratte skråningar

Metereologisk institutt oppmodar folk i Sør-Noreg om å halde seg unna bratte skråningar, i tillegg til bekker og elveløp med stor vassføring. Men i nord blir det ei fin feriehelg.

Flomvann over E6 ved Skuvvanvárri i Porsanger. Bil kjører inn i flommen.

STYRTREGN: Det er venta mykje nedbør i Sør-Noreg denne helga. Metereologisk institutt sender ut gult farevarsel for lyn i vest og nedbør i aust.

Foto: Torgeir Varsi / NRK

Fredag sende Metereologisk institutt ut gult farevarsel for mykje lyn i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane seier til NRK at dei ventar skiftande vêr gjennom helga.

– Dei regnbøyene som kjem inn i dag er det mogleg styrtregn og tore frå.

Laster Twitter-innhold

Bøyene vil ramme Vestlandet opp mot Trøndelag i dag, for så å gli over mot Austlandet.

I Austlandet er det sendt ut farevarsel for tung nedbør.

– Det blir ikkje den beste byrjinga på ferien for dei i sør, seier meteorologen.

Laster Twitter-innhold

Jordskredfare i Sør-Noreg

I samband med kraftige regnbøyer har meteorologane sendt ut gult farevarsel for jord- og flomskredhendingar.

Enkelte store hendingar kan førekome, skriv Metereologisk institutt.

Dei oppmodar folk om å halde seg unna bratte skråningar, i tillegg til bekker og elveløp med stor vassføring.

Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengde.

Seniorrådgivar i Trygg Trafikk oppmodar folk om å utsette bilturen.

Folk som likevel vel å sette seg i bilen, bør vere varsame med tanke på styrtregn.

Flom vegen stengt

STENGDE VEGAR: Tunge nedbørsbøyer kan føre til at utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengde, ifølge Metereologisk institutt.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Fine forhold, men skogbrannfare i nord

I nord er det derimot venta opphald og sol.

– Lengst i nord slepp dei desse regnbøyene og det ser ut som det kan bli ein fin fredag og laurdag, fortel Vågane.

I samband med opphald i nord er det også sendt ut gult farevarsel med moderat fare for lokal skog- og lyngbrannfare i Øst-Finnmark og Finnmarksvidda.

Metereologisk institutt fortel at vegetasjon lett kan bli tend og oppmodar folk om å vere forsiktig med open eld.

Førebyggande tiltak og beredskap skal vurderast fortløpande av lokale beredskapsaktørar.

Laster Twitter-innhold