Hopp til innhold

Dåpen til Tomine må kanskje vente til hausten

FLORØ (NRK): Kakene var baka og den arva dåpskjolen på plass. No risikerer familien å måtte vente til hausten, før dei får døypt dottera.

Marita Kalland Bauge
Dåpsbornet (5 mnd): Tomine Kalland Solberg

DÅP PÅ VENT: Marita Kalland Bauge og dåpsbarnet Tomine Kalland Solberg (5 månader) i dåpskjolen som for 49 år sidan blei brukt av mormor. – Tomine er nok for stor til den innan me no får døypt ho.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Planen var å samle mykje familie ein ikkje har sett på lenge. Då blir det veldig merkeleg å ikkje kunne klemme, handhelse og måtte halde ein meters avstand, fortel Marita Kalland Bauge.

Ho og sambuaren hadde invitert 45 gjester til dåp i Florø kyrkje på søndag, men valde å avlyse på grunn av koronaviruset.

– Me ville ikkje at det skulle bli ubehageleg for familien. Det hadde blitt ein rar dag om me ikkje skulle fått helse på besteforeldra, og dersom ikkje fleire kunne halde på og kose med borna, fortel Sander Helgås Solberg.

På ubestemt tid

Då dåpslokalet blei stengt og besteforeldra hamna i karantene byrja usikkerheita å melde seg. Etter samtale med presten bestemte dei å setje dåpen på vent – på ubestemt tid.

– Eg trur me berre må finne ein ny dato når ting har roa seg, me veit jo ikkje kor lenge dette varar. Men me håpar at alle som skal kome held seg friske og raske.

Oldemor, Eldrid Kalland, har allereie baka fem kaker til dåpen og gleda seg til å sjå Tomine bli døypt i same kjole ho døypte si eiga dotter.

– Eg får sjå om eg frys kakene eller om me klarar ete dei til helga. Det skal uansett gå fint.

Eldrid Kalland

BAKA FEM KAKER: Oldemor til dåpsbarnet, Eldrid Kalland, hadde på førehand baka fleire kaker til dåpsbarnet.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Forståeleg at folk vil vente

Prest i Florø kyrkje, Dag Leirvik, seier det hadde planlagt to dåpar i helga. Han har forståing for at familien Kalland Solberg valde å utsetje.

– Det skjønar eg godt med den usikkerheita ein opplever no. Når folk ønskjer dåp er det veldig trasig at me må setje avgrensingar i gjennomføringa. Folk ønskjer ofte å samle heile storfamilien til ein slik flott dag.

Gudstenester over heile Noreg er avlyste, og for dåp og gravferder vert det innført restriksjonar i talet på gjester, avhengig av storleiken på kyrkja.

Prest Dag Leirvik

TILTAK I KYRKJA: Prest i Florø, Dag Leirvik, seier dei må vurderer korleis ein skal møte folk, måte med tanke på arrangement og møter i kyrkja framover.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Inntil nye vedtak gjeld, kan det vere inntil 50 personar til stades her i Kinn kyrkje, utan vanleg kyrkjelyd til stades.

Korleis reagerer folk på desse avgrensingane?

– Eg trur dei fleste skjønar at ein må ta omsyn til smittevern.

Gå til presten

Attende hjå familien Kalland Solberg har delar av slekta likevel samla seg i helga. Oldemor Eldrid skal få hjelp til å ete nokon av dei fem kakene ho har baka til dåpsbarnet.

– Det blir sagt at koronaviruset vil nå toppen på seinsommaren, kva tenkjer de om dåpsplanane no?

– Denne dåpskjolen vil nok uansett bli altfor liten. No blir det spennande å sjå om ho får gå til presten sjølv, seier mora med eit smil.