Hopp til innhold

Har tre veker på seg for å hindre ny rettsrunde

Danske Bank godtek ikkje å måtte betale Bremanger kring 120 millionar kroner etter Terra-skandalen. – Vi er ikkje overraska over anken, seier Bremanger-rådmann Tom Joensen.

Rådmann i Bremanger, Tom Joensen

HAR TRUA: Rådmann Tom Joensen i Bremanger er ikkje overraska over at Danske Bank ankar avgjerda frå Borgarting lagmannsrett. Vi vil arbeide for at denne blir stogga før den kjem til Høgsterett, seier han.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Rettssaka mellom banken og Bremanger kommune er ei av fleire som dukka opp i kjølvatnet av den mykje omtala Terra-saka.

Tvisten omhandlar såkalla derivat-avtalar som kommunen gjekk rettens veg for å få erklært ugyldige. Både Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett har gjeve dei medhald.

– Danske Bank har signalisert heile vegen at dei ville anke til Høgsterett. No er vi spente på ankeutvalet si handsaming av anken, seier rådmann Tom Joensen.

Ikkje punktum enno

Kommunen har kjempa på fleire frontar etter det i 2007 vart kjent at Bremanger, Vik og fleire andre kraftkommunar tapte enorme summar på investeringar med lånte pengar.

For Bremanger sin del kom derivat-avtalane på toppen av dette. Medan dei mykje omtala Terra-kommunane vart samde med Den Norske Bank om å betale 650 millionar, rullar saka mellom Bremanger og Danske Bank vidare. I potten ligg kring 120 millionar kroner.

– Vi har teke høgde for dette i rekneskapen og den vidare budsjettering. Dette betyr at vi må vente med å setje endeleg sluttstrek for Terra-saka i Bremanger, seier Joensen.

Trur saka blir stogga

Skulle avgjerda frå lagmannsretten bli ståande, ligg det kring 120 millionar kroner i potten som Danske Bank må betale Bremanger. Som igjen vil redusere akkumulert underskot med tilsvarande.

Kommunen fekk forkynt anken fredag og har tre veker til å svare på denne. Joensen har god tru på at dei skal klare å stogge behandling i Høgsterett. Det svaret får dei venteleg i månadsskiftet oktober/november.

– Vi har to klare dommar frå tingretten og lagmannsretten. Det sentrale spørsmålet er om det er element i saka som er av så stor prinsipiell karakter at det forsvarar ei handsaming i Høgsterett. Det meiner vi at det ikkje er, seier Joensen og avsluttar:

– Så er det jo også slik at kring 90 prosent av sakene som blir fremma for ankeutvalet, blir avvist.