Hopp til innhold

Dansk smør kan berge julebaksten

Dansk smør kan no berge julebaksten for Rema 1000 sine kundar, men folk er skeptiske til hjelp frå dei danske kyrne. Ser kundane derimot norsk smør i hyllene, er dei heilt ville.

Dansk smør bergar julebaksten
Foto: Vidar Gudvangen

Dei sølvfarga pakkane med dansk smør glinsar mot kundane i Rema 1000 sine butikkar. Kjeda, har til liks med andre butikkar, vore utan smør i fleire veker. Denne veka kom det inn nokre kilo, men dei gjekk unna på nokre få minutt.

Skeptiske til det danske smøret

Gerd Jakobsen ved Rema 1000 på Førde Torg i Førde kan konstatere at smørkrisa er total, og ho meiner lavkarbobølgja har skulda. Men no har danske bønder strekt ut ei hjelpande hand til smørhungrige nordmenn.

Men kinna smør frå dei danske kyrne er tydelegvis ikkje heilt det same.

Dansk smør på Rema 1000

DANSK I HYLLENE: Butikkeigar Gerd Jakobsen tilbyr hjelp til dei som vil kjøpe dansk smør

Foto: Vidar Gudvangen

– Eg merkar at kundane er litt skeptiske til det danske smøret, men det har gått litt likevel, fortel Jakobsen.

Ho meiner dei sølvfarga danske pakkane med namnet " Bakke Dal" er eit godt alternativ.

Men Gerd Jakobsen på Rema 1000 er ikkje den einaste som prøver å hjelpe fortvila kundar med julebaksten.

Hildur Kråkenes Hovland i kiosken på M/F Selje har laga seie eiga løysing på smørkrisa.

Tre småpakkar godt smør som takk

Handlar du for 100 kroner, får du med tre småpakkar godt smør. Hildur Kråkenes Hovland i kiosken på M/F Selje har laga seie eiga løysing på smørkrisa. Handlar du for 100 kroner, får du med tre småpakkar godt smør.

Vi hadde liggjande ei kasse med kuvert-pakkar med meierismør om bord. Så tenkte eg at viss folk handlar for 100 kroner eller meir, så kunne dei få med tre pakkar smør slik at dei fekk litt til julebaksten, fortel Hildur Kråkenes Hovland og ler.

Ho jobbar i kiosken på bilferja M/F Selje som trafikkerer Balestrandsektoren i Sognefjorden.

Etter veker med smørmas i alle kanalar, fann ho ut at ho like godt kunne ha eit litt humoristisk blikk på det heile, og samstundes spreie litt god stemning no i førjulstida.

Har merka det på salet

– Det var no mest gjort for artig. Men det skapar god stemning. Dei reisande smiler og ler og diskuterer i kassen kva dei skal kjøpe, fortel Kråkenes Hovland.

Utruleg nok auka ho salet litt også.

– Jau, det har gjort bitte litt utslag, seier ho.

Hildur og smøret

FANN PÅ DET SJØLV: – Eg har i grunn ikkje spurt nokon om lov, seier Hildur Kråkenes Hovland.

Ho hengde opp plakaten torsdag, og nesten med ein gong spreidde den vesle plakaten seg på sosiale medium.

Kråkenes Hovland lovar at tilbodet skal halde fram, så lenge det er smør att i øskja ho har ståande.

– Vi held på til kassen er vekk, seier Kråkenes Hovland.

Litt flautt med heile krisegreia

Ho tykkjer det er stas at folk kjem i godt humør når dei skal handle i kiosken.

– Folk ler og tykkjer det er flott. Mange har også teke bilete av han, fortel Kråkenes Hovland.

Men smørkrisa tykkjer ho eigentleg fint lite om.

– Eg tykkjer det er litt dumt heile greia. Vi har trass alt margarin, og det kan vi fint bruke til å bake. Mange passasjerar tykkjer heile smørkrisesnakket er litt flautt, seier Kråkenes Hovland.