Hopp til innhold

"Fristeder alle steder!"

Det danske konsulatet i Bergen blei natt til søndag tilgrisa med utsegn som "Ungdomshuset overgir sig aldrig!"

Grafitti har blitt spraya med store bokstavar på murveggane til konsulatet. 

No pregar utsegn som "Ungdomshuset overgir sig aldrig!" og "Fristeder alle steder!" bygget.

Sympatisørar av ungdomshuset i København

Det danske konsulatet tilgrisa med grafitti
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Det ser ut til at folk med sympati for dei demonstrerande ungdomane i København står bak tilgrisinga.

Politiet er kjent med at ei mindre gruppa hadde ein støttedemonstrasjon for ungdomshuset i København i Bergen laurdag kveld.

- Prøver å få ekstra merksemd

- Det gjekk roleg for seg. Det er mogleg at nokon prøver å få ekstra merksemd rundt denne saka med å grisa til bygget, seier operasjonsleiar Kjell-Tore Aarnæs i Hordaland politidistrikt til NTB.

Politiet har ingen mistenkte i saka.

(NRK/NTB)