Hopp til innhold

Dansa heile dagen: – Dette er berre starten

Sigvor og Oddvar Mortensbakke har vore med på alle dei tretti landsfestivalane i gammaldansmusikk. På festivalen i Gaupne blir det ikkje mange pausar.

Sigvor og Oddvar Mortensbakke

DANSEPAR: Sigvor og Oddvar Mortensbakke frå Naustdal fleire gode dansedagar- og netter framfor seg denne helga.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I Gaupne har toradarane spelt til dans, utan stans sidan onsdag kveld. Golvet er fullt av dansarar, og to av dei er Sigvor og Oddvar Mortensbakke. I år er det tretti-årsjubileum for Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og danseparet Mortensbakke har vore med på alle tretti.

Paret frå Naustdal meiner det er ein god kombinasjon som gjer at dei stiller opp kvart år.

– Det er trimmen og gleda. Det er gladtrimmen, seier Oddvar.

– Gode sko og godt golv

Torsdag kveld hadde dansen halde på heile dagen, noko som kan ta knekken på dei fleste, men for Sigvor og Oddvar er det ingen planer om å pakke ned danseskoa.

Sigvor og Oddvar Mortensbakke

PAUSE: Sjølv om dei er ivrige dansarar er det likevel tid for ein pause innimellom.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Nei, dette er berre starten, det, Til og med søndagen skal vi ha med oss, seier Sigvor.

Såre føter er ingenting å snakke om.

– Nei absolutt ikkje, seier Sigvor.

– Gode sko, seier Odvar.

– Og godt golv.

Dei seier at det varierer kva som er favorttdansen, men dersom dei skal trekke fram ein favoritt, blir dei nøydde til å velje ein som ikkje har norsk opphav.

– Vi har vorte veldig glade i polsen. Men det er jo ikkje vår tradisjon, så vi burde jo vere glade i reinlender og sånn. Og det er jo kjempebra, seier Sigvor.

Men Oddvar seir det som det er.

– Det er rørospolsen som er veldig moro.

FØLG POLKA-LUTT DIREKTE: Frå klokka 15 sender NRK Sogn og Fjordane direkte i nett-TV. Du kan også høyre PolkaLutt i radiosendinga vår.

Både dans og spel

Sigvor er frå Fjærland, men det var kjærleiken som fekk ho til å flytte til Naustdal. Men det var òg kjærleiken som fekk fram dansefoten til Oddvar.

– Nei det var ikkje mykje dans i han før han møtte meg, seier Sigvor og ler.

Det er ikkje berre landsfestivalen som feirer rundt år i år. Sigvor og Oddvar har holdt saman i femti år, og derfor er det duka for gullbryllaup seinare i år. Noko anna som høyrer saman er dans og musikk, og danseparet har drive med begge deler.

Då Sigvor fylde femti, hadde ho aldri spelt ein tone i sitt liv. Men det endra seg fort då Oddvar gav ein ekte toradar til jubilanten, og slik vart det både dans og spel i heimen. Men i det siste har det blitt litt mindre spel.

– Eg må fokusere på dansen, ler Sigvor.