Regionvegsjef Ole Christian Torpp seier til Firda at det er i strid med Stortinget sine retningsliner å nytte ferjeavløysingsmidlar til å dekkje kapitalkostnader. Men det meiner Ringstad er ei mistolking frå vegsjefen si side.
- Dersom kommunar eller fylkeskommunen forskotterar pengane, kan ferjeavlølysingsmidlar nyttast til å finansiere lånet, seier Ringstad.
Jorunn Ringstad Foto Scanpix/NTB Rune Petter Ness
Stortinget presiserer
Dermed er det ikkje noko problem å finansiere verken den omstridde Dalsfjordbrua eller Bremangersambandet slik fylkespolitikarane vil.
For Ringstad seier Torpp si tolking aldri har vore Stortinget sin intensjon. Difor vil eit fleirtal på Stortinget i morgon gå inn for ei presisering, slik at reglane på dette området blir heilt klare.