10,4 % av dei som har røysta på RV har gjeve Dahle eit ekstra kryss.
RV sin førstekandidat Sunniva C. Schultze-Florey vert RV sin andre fylkestingsmedlem, medan andrekandidaten Sigurd Solberg frå Voss vert første varamedlem.
Mange personrøyster
Mange veljarar har nytta seg av høvet til å gje ekstrarøyster. Først og fremst er det førstekandidatane som har fått slike røyster.
Terje Søviknes (Frp) fekk 8 111 personrøyster, det vil seia at 19,4 % av dei som røysta Frp har gjeve han ekstrakryss.
Lista vidre ser slik ut:
Gisle Handeland, Ap 2463 personrøyster
Tom Christer Nilsen, H 1704 personrøyster
Magnar Lussand, Sp 1569 personrøyster
Torill Otterskred, SV 1326 personrøyster
Torill Selsvold Nyborg, KrF 1105 personrøyster