Dagen-redaktør om KrF-exit: – Ei oppskrift på vidare fall

Vebjørn Selbekk i den kristne avisa Dagen trur ikkje vinden vil snu for Kristeleg Folkeparti, etter at partiet sa nei til borgarleg samarbeid. Snarare tvert imot.

Vebjørn Selbekk

UROA: Redaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, er skeptisk til at KrF har brote samtalane om borgarleg samarbeid. Ei fersk meiningsmåling viser ytterlegare nedgang for KrF.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

– Knut Arild Hareide har valt utanforskapet framfor utanriksministerposten, seier redaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk.

Onsdag kveld braut Kristeleg Folkeparti samtalane om borgarleg samarbeid, og bestemte seg dermed for å ikkje gå i regjering med Høgre og Framstegspartiet.

Tidlegare har det blitt spekulert i om Hareide var aktuell som utanriksminister, etter at Børge Brende går av i midten av oktober.

– KrF valde feil veg og feil strategi. Eg trur dette er ei oppskrift på vidare fall for partiet, seier Selbekk.

Ny nedtur

Ei ny meiningsmåling utført av Norstat på vegner av Vårt Land frå 19. til 25. september, viser ytterlegare fall for KrF. Der får partiet 3,2 prosent oppslutning, noko som er ein tilbakegang på 1 prosentpoeng.

Til samanlikning fekk Raudt 3,7 prosent oppslutning.

– Motstanden mot å gå inn i regjering har ikkje gitt KrF ein ny «boost», og eg trur heller ikkje at dette er vegen å gå for nokon ny framgang, seier Selbekk.

Knut Arild Hareide

SA NEI TIL REGJERING: KrF gjorde sitt dårlegaste val på 81 år. Onsdag sa partileiar Knut Arild Hareide at dei verken blir med i regjering eller blir støtteparti for regjeringa.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Dagen-redaktøren har tidlegare oppfordra KrF-leiaren til å gå regjering med Høgre, Frp og Venstre, sjølv om partiet har nekta for at dei vil styre landet saman med Frp.

– Samtidig må ein ha respekt for at KrF no held det dei lovde før valet, seier Selbekk.

– Burde gjort som på 80-talet

– Vårt regjeringsalternativ lukkast ikkje, men vi ønskjer å samarbeide konstruktivt og godt for å få gjennomslag for vår politikk, sa KrF-leiar Knut Arild Hareide onsdag kveld.

Men Selbekk meiner KrF burde ha nytta samarbeidsinvitasjonen frå Erna Solberg.

– Sjølv om den merkelege regjeringsstrategien øydelagde valkampen for KrF, treng den ikkje øydelegge for heile neste fireårsperioden.

Venstre fortsetter samtalene

IKKJE MED: KrF-leiar Knut Arild Hareide har innsåg onsdag kveld at det ikkje blir nokon blågrøn regjering utan Frp.

Men kunne KrF ha gått tilbake på det dei sa om at dei ikkje vilje sitje saman med Frp?

– Eg forstår at ein ikkje kan gjere det med ein gong. Men ein kunne gjort noko liknande som på 1980-talet: Då gjekk KrF til val på at ein ikkje kunne sitje i ei regjering som administrerte den nye abortlova. Etter at Høgre vann valet danna Kåre Willoch ei rein høgreregjering, men etter to år ombestemte KrF seg, gjorde nye vedtak og gjekk inn i regjeringa, seier Selbekk.

Uroa for framtida

Onsdag morgon sa ein skuffa Pål Kårbø (KrF), som er fungerande fylkesordførar i Hordaland, at regjeringsmakt hadde styrka partiet.

Også leiar i Bergen KrF, Terje W. Gilje, har uttalt at partiet burde gå inn i ei borgarleg regjering.

KrFs landsmøte 2017. pål Kårbø

SKUFFA: KrFs fungerande fylkesordførar Pål Kårbø har ivra for å gå i regjering med Høgre og Frp.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Dette er eit slags hordalandsopprør mot partilinja. For meg verkar det som jo lenger ned på grasrota i KrF ein kjem, jo større er viljen til å gå inn i regjering. Eg trur også at veljarane vil ha vanskeleg for å forstå utanforskapet som partiet no har valt, seier Selbekk.