Fortel for første gong om dramaet i Skatestraumtunnelen

For eit år sidan hamna Kjell og Åse Hauge midt i eit inferno av brann og eksplosjonar i Skatestraumtunnelen. Dei kunne ha døydd, men enda opp som heltar.

kjell og åse

FORTEL FOR FYRSTE GONG: Kjell og Åse Hauge var gjester i sendinga til NRK Sogn og Fjordane i dag, og fortalde historia si for første gong

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg kjenner det i meg kvar gong vi køyrer i den tunnelen, fortel Åse Hauge.

Saman med ektemannen Kjell Hauge opplevde ho sitt livs mareritt i fjor sommar.

– Vi skulle på ein helgetur, og var på veg inn i skatestraumtunnelen, og då sa eg at det var no kraftig mykje vatn som flaut i tunnelen i dag, seier Åse Hauge.

Men det var ikkje vatn som flaut langs vegkanten denne sommardagen, det var rein bensin. Tusenvis av liter. Ekteparet køyrde vidare eit stykkje før dei trefte på ein bil som stod parkert midt i køyrebana i tunnelen.

Høyr ekteparet fortelje om dramatikken.

Brannmenn på veg inn i Skatestraumtunnelen

UNDERSJØISK: Skatestraumtunnelen er undersjøisk Ein eventuell kollaps etter eksplosjonen kunne vore ein katastrofe, men det skjedde heldigvis ikkje.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi såg at det ikkje sat nokon i bilen, han var heilt tom. Då skjøna vi at her er det noko som har skjedd, seier Hauge.

– Då tok alt fyr

Dei skjøna at ting ikkje var som det skulle, og byrja å rygge i motsett køyrebane enn det dei kom frå. Då small det plutseleg.

– Då tok alt fyr, det var som om det var ei veike som tok fyr, fortel Kjell.

Skatestraumtunnelen

INGEN LIV GJEKK TAPT: kanskje takka vere Kjell og Åse Hauge gjekk ingen liv tapt i tunnelbrannen

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

16 500 liter med bensin hadde eksplodert midt inne i tunnelen. Eit inferno av røyk og flammar spreidde om seg på den verste staden ein kan tenkje seg.

– Hugsar du kva du tenkte då?

– Eg tenkte at det er her det skal ende, her skal vi ende våre dagar. Flammane stod oppover bilen der eg sat, og vi hadde jo to gassflasker i bilen vår og, så eg tenkte at no tek alt fyr, seier Åse Hauge.

Haldt seg roleg og tenkte klart

Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at ein hadde fått panikk i ein slik situasjon, men Kjell i førarsett haldt hovudet kaldt.

– Då var det berre å kome seg ut, eg klarte nok faktisk å tenkje ganske klart der, seier han.

Utbrend tankbilvogn

UTBREND: denne tankbilvogna var kjelda til brannen

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Samstundes eksploderte det på nytt ikkje langt ifrå bilen. Panseret losna og lyktene vart sprengde ut. Og når det står på som verst ser dei plutseleg to kvinner i vegbana. Dei to hadde forlate den tomme bilen lenger framme i tunnelen.

– Dei var veldig slitne av å springe, og hadde ikkje trudd at det var fleire att i tunnelen. Dei trudde at dei var dei siste att, fortel Kjell.

Redda livet til to

Men redninga kom altså. Kjell fekk stogga bilen, og vinka dei to kvinnene inn i bilen.

Skatestraumtunnelen blir stengd i eit halvt år
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Var du ikkje redd for å stogge bilen i den situasjonen?

– Nei, det måtte jo gjerast. Dei måtte jo kome med.

Ekteparet ifrå Bremanger redda kanskje to liv den julidagen i fjor, men dei har ikkje noko behov for å bli sett på som heltar.

– Vi tenkte i grunnen berre på å kome oss ut, og ikkje så mykje anna, seier Åse.