Hopp til innhold

Dag (90) blei heidra for innsatsen for frivillig arbeid: – Eg driv på så lenge eg kan

På «heimebane» under NM på Byrkjelo i dag blei Dag Fosstvedt (90) frå Gloppen tildelt Kongens Fortenestmedalje for innsatsen han har gjort innanfor idretten og frivillig arbeid.

Dag Fosstvedt og varaordførar Magni Aa Berge

– SÅ FORTENT: Varaordførar Magni Aa Berge delte ut Kongens Fortenestmedalje til Dag Fosstvedt på Byrkjelo stadion laurdag. – Det er så fortent, seier varaordføraren.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Varaordførar i Gloppen Magni Aa Berge stod for utdelinga framfor heimepublikummet på Byrkjelo stadion. Det var ein rørt Dag Fosstvedt som tok imot Kongens Fortenestmedalje.

– Det var uventa. For to dagar sidan fekk eg beskjeden, og eg følte det var vanskeleg å gjere seg fortent til dette. Det betyr umåteleg mykje, seier Fosstvedt.

– Ein raus person

I grunngjevinga for medaljen blir Fosstvedt omtala som ein person med stor omtanke for fellesskapen. Han i ei årrekkje engasjert seg i ungdomsmiljøet i kommunen, og særleg i friidrettsmiljøet, både som utøvar, trenar og frivillig. Gjennom åra han har hatt ansvar for både små og store friidrettsarrangement.

– Det er på grunn av slike som han det går an å arrangere eit NM i Gloppen, og at vi kan halde det gåande med få innbyggjarar og stor innsats på veldig mange område, seier varaordførar i Gloppen Magni Aa Berge.

90-åringen har arbeidd frivillig for Gloppen jentekor. Han har også vore engasjert som frivillig for Gloppen Røde Kors i 25 år – og er det enno. I 1995 starta han opp ei song- og musikkgruppe på demensavdelinga ved Gloppen omsorgssenter. Annankvar veke sidan den gong har Fosstvedt flittig møtt opp med gitaren sin.

– Han har gjort ein kjempeinnsats for kulturlivet, jentekoret, og har med gitaren sin på demensavdelinga, seier Berge.

– Fortent

Ho synest det var ekstra stas å kunne dele ut medaljen under NM på Byrkjelo.

– Dette er heilt fantastisk kjekt, med så mykje publikum. Og det er så fortent. Takka vere slike som han, er det flott å vere i Gloppen kommune – for mange.

– At han ikkje gir seg, og kviler litt, er heilt utruleg, seier ho.

– Drivkrafta ligg vel inne i hjartet, seier Fosstvedt sjølv, som ville feire medaljen saman med familien.

Framleis går han på besøk til bebuarar på institusjonar og i heimar, eller tek dei med seg på sosiale treff. Og han er framleis fast gitarist i songgruppa han starta opp.

– Eg har ikkje tenkt å gi meg så lenge eg kan halde på. Eg fortset så lenge eg har krefter, seier Dag Fosstvedt.