Hopp til innhold

Då Selje Hotel brann forstod han samanhengen

Vaktmeister Gunnar Sunde var innom Selje Hotel eit par dagar før hotellet brann i november i fjor. Han stussa då over sengetøy som var hengt over stolar og TV-apparat på gjesteromma.

Gunnar Sunde

STUSSA: Tidlegare vaktmeister på Selje Hotel, Gunnar Sunde, tykte det var rart at hotellet ikkje var klargjort for vinteren.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Måndag startar rettssaka etter brannen. Tre menn frå familien som eigde hotellet er tiltalte for å stå bak brannen.

Sunde var innom hotellet for å ordne med ein vasslekkasje få dagar før brannen. Han hadde vore vaktmeister på hotellet i mange år, og han reagerte på tilstanden til bygningen.

– Det var ikkje klargjort noko. Varmen i symjehallen var ikkje avstengd, det var ikkje trekk over bassenget. Det verka som dei berre hadde låst dørene og gått, utan å førebu noko for vinterstenging.

Sjå innslag i Vestlandsrevyen:

Se hvordan Selje hotell ser ut etter brannen

Foto/redigering: Kaia Johnsen Viki.

– Lett antenneleg

Dørene i romkorridorane stod opne. På romma hengde sengetøyet over stolar og speglar og TV-apparat.

– Eg lurte på kvifor dei hadde gjort det. Eg tenkte at dette må vere lettenneleg om det skulle ta til å brenne.

At nokon hadde planar om å sette fyr på hotellet, hadde han ikkje trudd. Men då Selje Hotel stod i full fyr natt til 25. november 2016, såg han samanhengen.

– Då var eg nesten sikker på at det måtte vere påsett.

Korridor på Selje Hotel

OPNE DØRER: Dørene til romma og branndørene i korridoren står opne.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Sunde er spent på rettssaka som tek til måndag 18. september, men han trur eigarane av hotellet kjem til å bli dømde.

– Det skal godt gjerast å kome unna med dette, det er så sterke bevis på at brannen er påsett. Den eine har tilstått, og eg trur ikkje han var åleine om det.

Gjesterom Selje Hotel etter brannen

SENGETØY PÅ STOLAR: Eitt av gjesteromma. Her ser vi at sengetøy er hengt over ein stol.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eit svik det er vanskeleg å tilgi

– Det er framleis tungt å vere tilbake på branntomta til hotellet. Eg blir oppriktig lei meg, seier ein tydeleg rørt ordførar i Selje, Stein Robert Osdal.

For bygda og kommunen har konsekvensane av brannen vore dramatiske, seier ordføraren.

– Det som er gjort er eit stort svik mot lokalsamfunnet, eit svik som det er vanskeleg å tilgi. Hotellet var samlingsplassen, det var sentrum i heile området.

Han er veldig spent på rettssaka.

– Eg er veldig spent på bevisa til politiet, på forklaringa til han som har tilstått og dei to andre. Eg er sjølvsagt også spent på utfallet. Sjølv om eg har forstått at bevisa er relativt klare, så må vi halde oss til rettssaka og dommen.

Stein Robert Osdal

– OPPRIKTIG LEI MEG: Ordførar Stein Robert Osdal i spisesalen på Selje Hotel. Her har brannen gjort lite skade.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ein av dei tiltalte har vedgått at det vart sett fyr på hotellet, og at det var økonomisk motivert. NRK har freista å få kommentarar frå forsvararane til dei tre tiltalte.

Ein av dei har ikkje vore tilgjengeleg, medan ein annan ikkje vil kommentere saka. Den tredje, Paul Inge Angelshaug, seier han forstår reaksjonane, men minner om at det er tre ulike tiltalte i saka.

Baren/Salongen - Selje Hotel

SAMLINGSSTAD: Baren på Selje Hotel. Denne delen av hotellbygningen er lite skadd av brannen.

Foto: Asgeir heimdal Reksnes / NRK