Hopp til innhold

Då politikarane hadde sitt siste kommunestyremøte fira nokon flagget på halv stong

Då politikarane skulle ha sitt aller siste kommunestyremøte, fann nokon ut at dei kunne fire flagget på halv stong utanfor kommunehuset.

Flagget på halv stong etter siste kommunestyremøte: - Veit ikkje kven som står bak

MARKERTE MISNØYE: Medan politikarane heldt sitt siste kommunestyremøte for seks dagar sidan, valde nokon å fire flagget utanfor.

Foto: Terje Eggum

– Uverdig, seier Leikanger-ordførarar Jon Håkon Odd (Ap).

Inne i den gamle tingsalen sat han og andre festkledde politikarar og markerte slutten på ei 182 år lang historie. Frå 2020 blir Leikanger ein del av nye Sogndal kommune med Balestrand og Sogndal.

På same tid var nokon eller nokre ute i vinterkulda og fira flagget til halv stong.

Leikanger-ordføraren veit ikkje kven den eller dei skuldige er, men koplar ugjerninga til tvangssamanslåinga blei vedteken på Stortinget i 2017.

– Samanslåinga har vekt mange kjensler. Det var ei tvangssamanslåing, men eg skulle helst sett at det norske flagget ikkje blei brukt som ei politisk markering, seier han.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Reglane for flagging på statlege bygningar er strengt definerte i ei eigen forskrift.

Om flagget skal vaie på halv stong, må det fyrst til topps – for deretter å bli firt ned ein tredel av stonga si høgde.

Sjølv om ingen veit kven som markerte sitt syn på kommunesamanslåinga ved å heise flagget på den kommunale flaggstonga, vil ordføraren ikkje bruke tid og krefter på å finne ut av det.

– Vi kjem ikkje til å følge opp saka, seier ordføraren.

På morgonkvisten hadde ordførar og rådmann heist flagget heilt til topps for å markere den historiske dagen i Leikanger.

NRK har vore i kontakt med kommunaldepartementet, men statsråd Monica Mæland hadde ikkje høve til å kommentere saka.