Hopp til innhold

Då koronaen kom, blei Ari (9) vaktelbonde

STAD (NRK): Pandemien fekk fart i draumen til 9 år gamle Ari Petrus Prøven Borgund. Den unge gründeren sel no egg frå «eggstremt bortskjemde høner».

Ari (9) er vaktelbonde

BLEI VAKTELBONDE: Vaktelhuset har han teikna sjølv og bygd saman med faren. Ari Petrus Prøven Borgund har 12 vaktelhøner heime på Taklo i Stad kommune.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Koronaen kom og då fann eg ut at eg kunne teikne vaktelhuset, fortel Ari Petrus Prøven Borgund.

Heime på Taklo i Stad kommune trippar 12 vaktelhøner og ein hane rundt. Dei er brune og kvite i fargen, og hønene legg små, fine, eksklusive egg.

Alle dyra heiter noko på bokstaven «m», har Ari bestemd.

Vaktelhuset som dei kan gå ut og inn av, har han bygd saman med faren.

– Under er det mykje stein og gjerde, så dei ikkje skal grave seg under. Så har vi lagt på presenning så det ikkje skal snø ned, forklarar han.

Vaktelegg

EKSKLUSIVE EGG: Vaktelegga er mindre enn ei fyrstikkøskje, og ifølgje vaktelbøndene veldig sunne.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Fleire pandemi-bedrifter

Pandemien slit hardt på mange næringar, men det finst også døme på dei som får ein ny start og som har brukt unntaksåret til å utforske sin indre gründer.

I slutten av oktober fortalde NRK om Maline Knutsen som starta gründerbedrifta Vymbol då ho mista jobben under korona.

Ari Petrus Prøven Borgund

PASSAR PÅ: Hønene likar seg ute i kulden.

Foto: Privat

Forskar Anders Underthun ved Arbeidsforskningsintituttet (AFI) uttalte at det vil bli fleire sjølvstendig næringsdrivande framover.

– EI sånn type krise kan forløyse eit potensial. Det gjer at menneske som tidlegare ikkje har måtta ta omsyn til eit slikt val, må ta det valet, sa Underthun til NRK.

For Livia Sauter var jobbsøkinga resultatlaus. Ho valde då å starte eiga reiselivsverksemd.

Likar seg i kulden

Tilbake på Taklo samlar mor til Ari, Kari Prøven, inn vaktelegg. Det er minusgrader i lufta og eitt av egga har frose fast. Men fuglane trivst godt i blå grader.

– Dei likar seg ute i kulden. Dei vel å vere ute framfor å gå inn i varmehuset, seier ho.

– Egga skal vere veldig sunne, fortel Prøven.

Vaktelegg

EGGSTREMT: 9 år gamle Ari Petrus Prøven Borgund sel egg frå «eggstremt bortskjemte høner».

Foto: Harald Kolseth / NRK

Den unge gründeren har lenge interessert seg for bondeyrket. No kastar det av seg også. Iallfall litt.

– Blir du rik på egga?

– Nei, ikkje rik, men eg tener litt på dei, seier Ari.

  • Radioinnslaget med den unge vaktelbonden kan du høyre her: