Infiltrerte HV-øving for å fri til sambuaren på skotårsdagen

NORDFJORDEID (NRK): Guro hadde bestemt seg for å fri på skotårsdagen. Det var berre eitt problem: Mannen vart kalla inn på heimevernsøving.

Frieri på skotårsdagen

PÅ KNE: Guro Buset nytta skotårsdagen til å fri til Torbjørn Nerbøvik.

Foto: Privat

Guro Buset frå Ørsta har i lengre tid venta på eit frieri, etter å ha vore kjærastar og sambuarar i ti år. Nyleg fekk dei sitt tredje born.

Då skotårsdagen kom var likevel gode råd dyre: Mannen, Torbjørn Nerbøvik, var bortreist på HV-øving på Nordfjordeid.

– Han er verdas snillaste mann, og no har vi fått tre born, så det er jo ikkje noko meir å vente på, seier Guro Buset.

Alliert med øvingsleiaren klarte ho å finne igjen sambuaren på øvinga, men framleis stod eit problem att: Korleis klare å lure sambuaren inn i eit militært bakhald, bokstaveleg tala.

Løysinga vart å kamuflere seg i lånt heimevernsuniform. og medan sambuaren leia troppen sin i å øve i kamp mot inntrengarar, makta Buset å kome seg umerka inn frå motsett retning.

Du kan sjå det unike frieriet i videoen under:

Guro overasker samboeren sin med frieri på HV-øvelse på skuddårsdagen

Guro overraskar sambuaren sin med frieri på HV-øving skotårsdagen.

Gifta seg på ferja

Men paret var ikkje åleine om å dyrke romansen på skotårsdagen. På ei ferje i Solund over Sognefjorden var det i dag bryllaup.

– Ideen kom frå meg. Vi snakka om korleis vi skulle gifte oss, og eg sa kvifor ikkje gifte oss på ferja der du har jobba så lenge? Seier brura, Doris Schickentanz.

I dag, på skotårsdagen, blei det akkurat slik. I mannskapsmessa gav Doris og Steinar Audestad kvarandre sitt ja, med 27 gjester og eit mannskap på fem om bord i bilferja «Losna».

Sjølve vigselen vart utført av soknepresten, medan ferja gjekk i ordinær rute over Sognefjorden mellom fastlandet og øykommunen Solund.

Det er knytta mange skikkar til skotårsdagen. Nokre vel å fri, andre vel å gifte seg – som dette paret som valde å gifte seg på Sognefjorden i dag.

SJÅ VIDEO FRÅ BRYLLAUPET: Nok vel å fri på skotårsdagen. Doris og Steinar valde å gifte seg denne dagen.

Fin arbeidsplass

For brura var naturopplevinga viktig. Fjella og fjorden meiner ho gjev ei spektakulær ramme rundt høgtida.

– Det er ein fin båt og ein fin arbeidsplass. Det er derfor det er så kjekt å ha vigselen her òg, seier brudgom Steinar Audestad, som i byrjinga var litt skeptisk til forslaget.

– Eg tenkte vi skulle ha det litt enkelt, men det blei ikkje slik.

Første møte på billettkontoret

Det høyrer og med til historia at dei to trefte kvarandre første gongen på same ferjeruta, der brudgommen er billettør.

– Det var ikkje kjærleik ved første blikk, men seinare vart vi naboar og då utarta seg, humrar paret.

Etter seremonien var det kaker, kaffi og musikk i salongen. Der var dei tradisjonelle svelene bytta ut med ei spesiell bryllaupskake – ein modell av bilferja dei reiste med.

Ferjekake i ferjebryllaup

BRYLLAUPSKAKE: Svelene var bytta ut med ei spesiell bryllaupskake – ein modell av bilferja der bryllaupet stod.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK