Hopp til innhold

Då brannvesenet ikkje nådde opp, måtte dei ringje Kjell for å få låne lift

SANDANE (NRK): Mange brannvesen må på bygda og låne liftkran når brannar herjar i høge hus. Då det brann i heradshuset på Sandane førre veke, var det liftkrana til Kjell Jan Evebø som hjelpte brannvesenet.

Kjell Jan Evebø

STILTE OPP: Kjell Jan Evebø stilte opp med liften sin då brannvesenet ringde midt på natta for å be om hjelp.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Klokka var vel 02.45 då eg hoppa i støvlane og køyrde. Eg måtte berre stille opp så raskt eg kunne, sjølvsagt, seier blekkslagar Evebø.

Natt til torsdag tok det fyr i toppetasjen i rådhuset Heradsheim i Gloppen. Dagen etter tok det fyr i toppen av eit forretningsbygg i Måløy, der ein mann mista livet.

Under begge brannane måtte brannvesenet låne liftkran hjå privatpersonar fordi ein manglar eige utstyr.

Tek tid å få tak i utstyr

Brannsjef i Gloppen, Runar Kleppe, er klar på at det var viktig å få lånt liften til Evebø.

– Det var full fyr i heile kommunestyresalen, seier Kleppe.

I Måløy dagen etter hadde brannvesenet bruk for liftkran då ei like høg bygning tok fyr i toppetasjen. Brannsjef Kim Hjelle seier dei har ei ringeliste til folk som har lift, men slikt tek tid.

Runar Kleppe

TEK TID: Brannsjef i Gloppen, Runar Kleppe, seier det tek verdfull tid å få tak i naudsynt utstyr når det knip.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi må ringje folk privat, og det tek tid. Vi har ikkje med oss liften i den første utrykkinga, for å seie det slik, seier Hjelle.

Han seier livet til mannen som omkom ikkje kunne vore berga om brannvesenet hadde hatt eigen lift denne gongen, men slår fast at dei vil jobbe for å få endå raskare rutinar.

– Det er mykje betre å spyle ned på ein brann, enn fire-fem etasjar opp på ein brann, seier Hjelle.

Meiner ein kjem langt med å vere kreativ

Det finst ikkje krav til at eit brannvesen skal ha eige utstyr som stigebilar og liftkraner. Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, seier dette blir opp til kommunane å vurdere sjølve.

– Det er mange stadar ein kunne hatt behov for nytt og meir effektivt utstyr. Då vil det nok vere mykje som står på ønskjelista, seier Pedersen.

Anne Rygh Pedersen

KREATIVT: Avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Anne Rygh Pedersen, meiner ein kjem langt med å tenkje kreativt.

Foto: Simon Solheim / NRK

Dermed har ikkje brannfolka noko anna val enn å sjå seg rundt etter private løysingar.

– Eg trur ein kjem langt med å tenkje kreativt. Men ein bør helst ha tenkt litt på førehand slik at ein er førebudd på situasjonen, seier Pedersen.

Burde hatt stigebil

I Gloppen vil brannvesenet og ordførar jobbe for sikrare tilgang til lift. Kjell Jan Evebø vil uansett stille opp om det trengst.

– Vi er ein del å bygda og må trå til dersom det er naudsynt, seier Evebø.

– Verkar dette robust?

– Nei, eigentleg ikkje. Dei burde nok helst hatt stigebil når dei har såpass høge hus. Då er det dét som er det effektive, seier Evebø.