Even Hovland spelte heile kampen med kapteinsbindet for laget frå Rosenes by. Stryningen Per Egil Flo fekk dessverre ikkje speletid i kampen, og måtte følgje dramaet frå sidelinja.
Etter ein høgdramatisk cupfinale fall avgjerda åtte minutt før slutt. Molde fekk frispark på rundt 25 meters hald, og Molde-veteran Magne Hoseth gjorde seg klar.
Hadde aldri scora på frispark
Med innsida av venstrefoten løfta han ballen over RBK-muren og ned i RBK-keeper Daniel Örlunds venstre hjørne.
– Eg har aldri scora på frispark i heile mittliv, så det er fantastisk at det skjer i dag, jublar Hoseth.
Perlescoringa sende Molde opp i 3-2, og RBK måtte jage utlikning. Det opna opp for Molde, som la på til 4-2 like før full tid ved Tommy Høiland.
Dermed er det Molde som kan smykke seg med tittelen "Norgesmeisterar" i 2013.
Kampreferat finn du her
(Saka held fram under videoen)
Kampreferat: Molde - Rosenborg
I går kunne tre kvinner frå Sogn og Fjordane også smykke seg med cupgull, då Stabæk slo Avaldsnes og dermed sikra Siri Nordeide Grønli, Elise Thorsnes og Stine Pettersen Reinås kvar sin glitrande pokal.