Cupfinalen: Slik var opptakten, kampen og feiringa

Både små og store samla seg på Torgallmenningen i Bergen før cupfinalen. Der kunne dei sjå kampen på storskjerm. Mange hadde sommarfuglar i magen i det fine vêret.

Lillestrøm hadde invitert til offisiell cupfest på Stortorvet både fredag og laurdag.

– Det er alltid litt nervar, men er eg framleis roleg. Eg har trua, seier Camilla Granli Bothner (til høgre)

Et spent folkehav samla seg på Torgalmenningen før avspark.

Fleire tusen Brann-supporterar møtte også opp på St. Hanshaugen i Oslo laurdag føremiddag. Ifølge BA var fleire av matbutikkane i nærområdet i ferd med å gå tomme for øl.

Allereie etter 40 sekund stoppar kampen. Bluss frå Lillestrøm-supporterane fargar Ullevaal gul og svart - og sikten blir borte.

1–0 til Brann. Lillestrøm fortvilar, cupfinalen vart ein motbakke.

På den andre sida av fjellet er opptakten til gullfesten i gang. Jubelen bryter laus på 1-0.

For Lillestrøm vart håp og glede før kampen snudd til djup fortviling.

Men for Brann vart dette ein stor dag. To år etter nedrykket er laget cupvinnar.

Bergen tar av når Brann sikrar gullet. Politiet gir skryt for at feiringa har gått fint for seg med 4000 menneske til stades.

– Denne sigeren deler vi med heile Bergen. Dei har stått saman med oss i ei vanskeleg tid, seier trenar Eirik Horneland.

I kveld er det fest i Bergen.

19 år etter siste cupgull, kan Brann igjen kalla seg noregsmeistarar.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal