Hopp til innhold

Cruisepassasjerar blir nekta å gå i land i fleire hamner

Til Bergen er det venta 700.000 cruisepassasjerar til i år. No har kommunen bestemt at passasjerar inntil vidare ikkje får komme i land. Også i Stavanger og Ålesund blir turistar nekta å gå i land.

Cruiseskipene ankommer Bergen

TRAVELT: Bergen hamn er den største cruisehamna i Noreg målt i talet på anløp. Det er venta kring 700.000 cruiseturistar til byen i 2020.

Foto: Fred. Olsen Cruise Lines

Det opplyser Bergen kommune i ei pressemelding klokka 15.40. Det er faren for vidare smitte av koronaviruset som gjer at Bergen har fatta det drastiske tiltaket.

– Dette gjer vi som eitt av mange tiltak for å både avgrense trengsel i byen, for å redusere moglegheita for koronasmitte, og for at gjester som kjem, ikkje skal risikera å bli smitta ved eit besøk hjå oss, seier kommunaldirektør Robert Rastad.

Ifølgje Bergen hamn er det i 2020 venta kring 700.000 cruisepassasjerar til Bergen, fordelt på 353 cruiseanløp.

No har også Stavanger kommune bestemt at cruisepassasjerar ikkje får gå i land.

– Vi er no i fase der det er vanskelig å spore smitte. Vi vil vere proaktive, og derfor set vi inn tiltak, seier Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun.

Ordføraren legg til at skip har lov å legge til kaien og få varer om bord.

Cruiseskip på veg

Bergen kommune skriv vidare at cruiseskip som kjem til Bergen kan få legge til kai og proviantere, men passasjerar må altså bli om bord.

Neste cruiseskip kjem til Bergen frå Trondheim torsdag 12. mars. Reiarlaget er kjent med avgjerda til kommunen.

Det er ikkje kjent kor lenge restriksjonen skal gjelda. Den aller travlaste cruisesesongen ligg framleis nokre månadar fram i tid.

Ålesund følger etter

Heller ikkje i Ålesund får passasjerane lov å gå i land. Det opplyser kommunedirektør Astrid Eidsvik på ein pressekonferanse onsdag kveld. Forbodet gjeld førebels fram til 1. mai og er vedteke i samråd med turistnæringa.

Det var igjen venta ny cruiserekord i byen med 420.000 passasjerar og 220 planlagte anløp.

Det er også bestemt at passasjerar frå Hurtigruta ikkje få gå i land i Ålesund. Dette er eitt av tiltaka kommunen har sett i verk for å avgrense koronasmitta. Forbodet gjeld dei som er på gjennomreise og ikkje dei som skal av eller på i byen.

Cruiseskipene ankommer Bergen

TRAVELT: Bergen hamn er den største cruisehamna i Noreg målt i talet på anløp. Det er venta kring 700.000 cruiseturistar til byen i 2020.

Foto: Fred. Olsen Cruise Lines

Hurtigruten og Fjord Line får lov

I Bergen har kommunen hatt tett dialog med Bergen Havn om korleis ein skal handtera skip som har snuhamn i Bergen, som til dømes Hurtigruten og Fjord Line som seglar til Hirtshals via Stavanger.

Desse vil framleis få lov å ta av og på passasjerar i Bergen, men vil måtte ta omsyn til vedtak som er gjort for å avgrense smitta i Bergen.

Bergen kommune jobbar no med å avklare om vedtaket skal handterast som eit enkeltvedtak for kvart skip, eller om det skal leggast inn i eiga mellombels forskrift.

Går i land i Haugesund

I Haugesund vil cruisepassasjerane få lov å gå i land, seier hamnesjef Tore Gautesen i Karmsund havn. Neste cruiseskip kjem til byen med 1200 passasjerar frå Hamburg på måndag.

– Vi er i tett dialog med kommunen, FHI, Kystverket og rederia. Førebels er det ingen restriksjonar på passasjerar i land, men det er gjort fleire tiltak for å hindre smitte, seier Gautesen.

Han legg til at situasjonen kan endre seg fort.

Flåm følgjer situasjonen

I Flåm ventar dei ikkje nytt cruiseskip før 31. mars. Men hamnesjef i Aurland, Tor Mikkel Tokvam, seier at dei alt har tett og dialog både med kommunehelsetenesta og andre norske hamner.

I og med at det er ei stund til neste besøk, seier Tokvam at dei avventar situasjonen for å sjå og lære av andre hamner.

– Vil vil sjølvsagt følgje råda som kjem frå helsestyresmaktene, seier Tokvam.

Avventar i Olden

I ei av dei andre store cruisehamnene på Vestlandet, Olden i Stryn, ventar dei heller ikkje cruiseskip før i slutten av mars.

Havnedirektør Kjell Fagna i Nordfjord Havn seier dei avventar situasjonen.

– Vi skal ha eit møte med Stryn kommune der vi skal diskutere kva tiltak som kan vere aktuelt å innføre og korleis vi skal handtere situasjonen når den tid kjem. Det kan og kome nasjonale krav vi må følgje, seier han.