– Krav om nullutslepp i Geiranger og Flåm gjer at vi truleg må segle forbi, seier Sandra Diana Bratland, leiar i Carnival Norway.
– Då må vi finne andre stader å segle.
Neste år blir det innført strengare miljøkrav til verdsarvfjordane
Frå 2022 blir krava ytterlegare skjerpa, før det blir krav om nullutslepp i verdsarvfjordane Flåm, Geiranger og Nærøyfjorden frå 2026.
– Då får eg dra til Oslo og jobbe på kaffibar, seier Jon Olav Stedje, som er assisterande hamnesjef i Flåm. Han varslar at dette vil vere døden for cruisenæringa i Flåm slik vi kjenner han.
DRAMATISK SITUASJON: Assisterande hamnesjef i Flåm, Jon Olav Stedje, er uroa over framtida. Krav om nullutslepp frå cruisetrafikken i verdsarvfjorden kan føre til ein kraftig nedgang i cruisetrafikken.
Foto: Jørgen Eide / NRKParadokset er at utsleppa blir nøyaktig like store, hevdar han. Dei berre flyttar seg.
– Når nedgang hos oss fører til auke andre stader, vil den globale miljøbelastninga bli like stor, seier han.
- LES OGSÅ:
– Veldig godt vertskap
Ti mil nordover, på kommunehuset i Nordfjordeid har politikarane benka seg rundt eit bord for å høyre på planane til det amerikanske cruisereiarlaget Carnival Norway.
Her er ikkje krava til utslepp frå cruise like strenge, og Sandra Diana Bratland, leiar i Carnival Norway, varslar allereie no at dei til vil kome tilbake med fleire skip neste år.
– Nordfjordeid har vore eit veldig godt vertskap, seier ho, og varslar elleve anløp neste år, mot åtte i år.
Totalt ventar kommunen 50 skip i 2021, mot 19 i år. Det er Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) glad for.
– Vi ønskjer å kome opp på eit normalnivå for ei cruisehamn. Derfor ynskjer vi å ta imot fleire skip, seier han.
HAR PROFILERT SEG PÅ MILJØ: Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) ønskjer ei kraftig auke i cruisetrafikken i heimkommunen velkomen. Dette trass i at det er uvisst om det vil vere mogleg å etablere eit landstraumanlegg på Nordfjordeid.
Foto: Bård Siem / NRKMen ikkje for kvar og ein pris. Bjørlo seier dei har ein ambisjon om å få på plass eit landstraumanlegg så fort som råd.
– Cruisetrafikk har ingen plass i Noreg dersom vi ikkje får miljøvennlege landstraumanlegg på plass.
Kravet er likevel ikkje absolutt – enn så lenge. Seawalk Nordfjord AS driv det flytande kaianlegget for cruiseskip på Nordfjordeid. I avtalen med kommunen finst ingen absolutte krav, berre ein «felles intensjon».
– Vi ønskjer også landstraumanlegg og trur vi får det til. Men det er uaktuelt å stenge kaia dersom vi i ikkje får det på plass, seier John Olav Lefdal, leiar i Seawalk Nordfjord.
UAKTUELT Å STENGE KAIA: John Olav Lefdal i Seawalk Nordfjord AS vil ikkje stenge kaia dersom eit landstraumanlegg ikkje let seg realisere. Sandra Diana Bratland i cruiseselskapet Carnival Norway fortel at Nordfjordeid er ei svært populær cruisehamn.
Foto: Bård Siem– Kan bety null cruiseskip
Hamnesjefen i Geiranger, Rita Berstad Maraak, trur fleire reiarlag vil velje bort Flåm og Geiranger, og heller velje destinasjonar som Nordfjordeid fordi miljøkrava der ikkje er så strenge.
– Krav om nullutslepp i 2026 kan bety null cruiseskip til Geiranger, seier Berstad Maraak.
Ho viser til at dei allereie har teke imot 16 kanselleringar som fylgje av strengare miljøkrav. Det var venta 218 cruiseskip til Geiranger neste år. I verste fall kan 49 anløp bli kansellerte.
Ironien er at utsleppa totalt sett blir større, seier ho, og minner om at det gjerne vil bli ein ekstra busstur Flåm og Geiranger om cruiseskipa må legge til kai ein annan plass.
– Vi ser at den landbaserte trafikken har auka kraftig. Bygda Geiranger har på mange måtar vorte ei gjennomfartsåre.
OPPGITT: – Krav om nullutslepp i 2026 kan bety null cruiseskip til Geiranger, seier hamnesjef i sunnmørsbygda, Rita Berstad Maraak.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRKDet er 2365 cruiseanløp i norske fjordar i år. Bransjen ventar endå fleire anløp neste år. I 2015 var 1738 cruiseanløp i Noreg.