Clear Channel tapte

Bergen kommune vann over Clear Channel i lagmannsretten.

Clear Channel
Foto: ERIC GAY / AP

Etter fleire rundar i rettssystemet er no dommen frå Gulating lagmannsrett komen.

Dommen slår fast at Bergen kommune ikkje har noko erstatningsansvar overfor reklamegiganten Clear Channel. I tillegg må Clear Channel betala sakskostnadane til kommunen på 822 000 kroner.

Kravet frå Clear Channel var på over 5 millionar kroner etter at bystyret forkasta den planlagte reklameavtalen.

Avtalen gjekk ut på at Clear Channel skulle få tilgang til reklameplass på offentlege plassar i Bergen, mot å betala for nye buss-skur og offentlege toalett.

Bergen kommune vann også då saka var i tingretten i fjor sommar.